Rebecca vil hjelpe deg å oppdage bomturar i Vang i ny bok

SKRIV OM BOMTURAR: Forfattar Rebecca Nedregotten Strand har gjeve ut boka Bomtur.

SKRIV OM BOMTURAR: Forfattar Rebecca Nedregotten Strand har gjeve ut boka Bomtur. Foto:

Forfattar Rebecca Nedregotten Strand har gjeve ut boka Bomtur. Der har to av dei flottaste bomvegane i Vang fått plass.

DEL

VANG: – Vang er eit eldorado for den som vil ha seg ein skikkeleg bomtur. Det vart dessverre berre plass til to av dei i boka, men eg planlegg å kome att som turist og oppleve nokre av dei andre bomvegane dykkar, fortel forfattar Rebecca Nedregotten Strand til vangivaldres.no.

Minneverdige møte

I arbeidet med boka Bomtur, som vart gjeve ut på Skald forlag no i mai, har ho erfart at turar ofte vert ekstra minneverdige når ein møter gode folk undervegs. Difor er turane i Vang nokre av dei ho hugsar best frå alle turane dei siste åra.

– Turfylgjet mitt, Hallgrim Børhus Rogn, hadde eit brennande hjarte for sin eigen heimplass. Han viste meg vakker natur, eit levande landbruk og gode folk, som Ingrid Asheim Hennum på Sleipestølen. Ja, eg fekk nesten lyst til å bli valdris sjølv, fortel Strand til nettstaden.

Møtet med Ingrid, familien og kyrne ved Sleipestølen, er noko av det forfattaren hugsar best frå arbeidet med boka Bomtur.

Med eigen iskiosk, stort utsyn og flotte folk er turen over Slettefjellvegen ein av bomturane som har fått plass i den nye boka.

Med eigen iskiosk, stort utsyn og flotte folk er turen over Slettefjellvegen ein av bomturane som har fått plass i den nye boka. Foto:

Bomveg med iskiosk

Ho fortel også at Slettefjellvegen er den einaste bomvegen ho har køyrt med iskiosk ved bommen.

– Det er eit heitt tips til andre som skal på tur! tipsar forfattar Rebecca Nedregotten Strand.

Du kan lese meir om hennar opplevingar i Vang og utdrag frå boka på www.vangivaldres.no.

Artikkeltags