Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.
I spørsmålet om oppsplitting av Innlandet fylke møter Senterpartiet seg sjølv i døra snart kvar dag. I kommune etter kommune går heile eller delar av lokalpartiet mot å byrje på ein prosess med oppdeling av Innlandet attende til Hedmark og Oppland.
Både i Sør-Aurdal og Nord-Aurdal, kommunar der Sp har ordføraren, har formannskapet innstilt på at Innlandet fylke skal bestå. I Etnedal vart det knapt fleirtal i kommunestyret for å fylgje resultatet av folkerøystinga i februar. Det same vart det i Vestre Slidre, der Ketil Rogn-Hamre (MDG) sitt framlegg om at kommunestyret går inn for vidareføring av Innlandet, tapte med éi røyst. Formannskapet i Øystre Slidre innstiller også på å leggje folkerøystinga til grunn.
Ingen av dei Sp-styrte kommunane ynskjer altså å re-etablere Oppland fylke for nær sagt ein kvar pris, eller rettare sagt; prinsipp. Motstanden mot reformene har heller ikkje vore lik frå region til region. Viken framstår langt mindre som ein "naturleg" region enn Innlandet, og der har fleire kommunar alt sagt at dei ynskjer oppsplitting.
No lovar også justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) å reversere domstolsreforma. Tingrettane i Gudbrandsdalen, Gjøvik og Valdres vart slått saman til Vestre Innlandet tingrett. Bortsett frå at namnet burde vore "Oppland tingrett", som trass alt er eit historisk, geografisk namn, er det heller ikkje i denne saka lett å sjå at det er særleg stort engasjement lokalt for reversering.
Spørsmålet ein då kan stille seg, er om lokalbefolkninga er langt meir reformvillige enn sentrale politikarar. Eit anna spørsmål er om reformene då har fått dei negative konsekvensane som dei dåverande opposisjonspartia i mange år har påstått. Eit tredje spørsmål er om folk lokalt strengt teke ikkje bryr seg så mykje.
Medan Sp og Ap sikra seg makt på reformmotstand, møter no regjeringspartia motstand når dei skal reversere reformene. Det bør vera eit tankekors for sentrale politikarar.