Regjeringa må lytte til meldingane frå Marit Tuv

Kommuneoverlege Marit Tuv i Vang er ikkje nøgd med informasjonen frå regjeringa om covid-19.

Kommuneoverlege Marit Tuv i Vang er ikkje nøgd med informasjonen frå regjeringa om covid-19. Foto:

Den auka smitta som vi no ser, burde ikkje ha kome som ei overrasking på dei som styrer landet.

DEL

LederDette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.Likevel framstår søndagens pressekonferanse som at regjeringa vart tekne på senga. Innstrammingar frå regjeringshald kom for seint og vart for dårleg kommunisert.

Det er ikkje tvil om at smittetala gjev grunn til uro. Onsdag kom meldinga om at rekordmange har testa positivt for covid-19. Når vi veit at eit mutert virus, som truleg er meir smittsamt, også er funne i Noreg, trengst gode tiltak for å avgrense smittespreiinga.

Årsaka til at vi har lukkast så godt samanlikna med mange andre land, er at kommunane har hatt eit fyrstelinje-ansvar for å handtere smittevern og lokale utbrot. Lokalt tilpassa tiltak var nødvendige både i den fyrste tida, då regjeringa ikkje heilt innsåg alvoret, og i dag-til-dag-utviklinga «på bakken» sidan mars.

Då er det svært alarmerande og alvorleg at så mange kommuneoverlegar kjenner seg sette til sides. I ein kronikk, som mellom anna er underteikna kommuneoverlege Marit Tuv i Vang, tek 59 kommuneoverlegar bladet frå munnen i ein ramsalt kritikk av måten regjeringa no har informert om smitteoppblomstringa på.

«Vi mener at sentrale helsemyndigheter under pandemien har informert kommunene på en måte som har gjort lokalt smittevern- og beredskapsarbeid vanskelegare», seier Marit Tuv til avisa Valdres. Det er kraftig kost frå kommunelegen i ein av dei få kommunane som til no har klart å unngå koronasmitte.

Tuv peiker på at mange tek kontakt med kommuneoverlegane, og at dei då må vita kva som skal informerast. Skal treningssentera stengjast eller haldast opne? Bør aktivitetar utandørs avlysast eller ikkje? Kva må skulane gjera? Skal studentar som alt har reist til studiestaden setje seg på bussen heim att?

Det er for dårleg når kommunelegane verken blir informert om at det kjem nye tiltak på ein pressekonferanse sundag kveld, eller kva tiltak som faktisk kjem. Når det heller ikkje blir sendt ut skriftleg informasjon om bakgrunnen for tiltaka, blir det lokale smittevernarbeidet vanskeleg.

At regjeringa heller ikkje skil mellom område som har høg smitte og område som har liten smitte eller ikkje noko smitte i det heile teke, bryt også med intensjonen om at det er kommunane som best veit kva tiltak som trengst lokalt.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken