VANG: Etter at Mesta fekk tilgang til Rødølstunnelen frå 4. mai, har dei sett seg inn i elektroarbeidet som Aldesa har utførd.

– Vi har hatt ein effektiv prosess med å ta stilling til omfanget av opprettingsarbeid som må utførast, parallelt med at Mesta har starta både planlegging og utføring av arbeidet. Mesta vil i hovudsak vera ferdig med sitt arbeid tett opp til sommarferien, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen i Statens vegvesen.

Teste sikkerheitssystem

Etter det skal byggherre og vegtrafikksentralen (VTS) testa sikkerheitssystema i den 2 kilometer lange tunnelen, før vegdirektoratet kan gjennomføra sikkerheitsgodkjenningsprosessen.

– Mesta har levert ein god framdriftsplan, og sidan dei ikkje får full oversikt over elektroanlegget før arbeidet er godt i gang har dei naturlegvis lagt inn litt ekstra tid. Vi har inntrykk av at denne planen er gjennomførbar, slik at det er gode sjansar for at tunnelen kan opna i september, seier Haugen.

Rødølstunnelen er del av veganlegget E16 Øye – Eidsbru, den siste delstrekninga på E16 Filefjell.

Mange månader forsinka

Opp­hav­leg skul­le nye E16 Øye-Eids­bru vore fer­dig­stilt før jul i 2018, og ho­vud­ent­rep­re­nø­ren Stra­bag had­de sig­nert kont­rakt på at selskapet skul­le le­ve­re frå seg an­leg­get i fer­dig til­stand 24. november 2018. Men an­leg­get har vor­te for­sein­ka av uli­ke grun­nar. Les om det her: