Hedda Hytter er i gang med hyttebygginga i Robølshøvda

Ove Brenden i Robølshøvda Hyttegrend fortel at dei no er i gang med bygging av den fyrste hytta på feltet. Den er det Hedda Hytter som set opp. Fire tomter er så langt seld i hyttefeltet rett opp for Heggenes, som totalt har eit potensial på 101 tomter.