Utdanna nye hjelparar i Røde Kors

SØK OG REDNING: Gruppa har utført finsøk og teke hand om ein "skadd" person

SØK OG REDNING: Gruppa har utført finsøk og teke hand om ein "skadd" person Foto:

Av

Røde Kors hadde for fjerde år på rad kurs for nye hjelparar på Leirskogen skule. Kurset gikk frå fredag ettermiddag og ut helga. Leiar for Kurset var Knut Anders Saglien. 

DEL

LEIRSKOGEN: Deltakarane var frå Sør Aurdal, Etnedal, Vestre Slidre, og Nordre Land. 43 deltakarar har gjennomført kurset på dei 4 åra dei har hatt kurs. Kurset starta med samband, og innføring i nødnett på fredag kveld. For folk som er ute i vanskeleg vær er det også viktig å kunne ta vare på seg sjølv.

Kursdeltakarane skulle ut i nattemørket med kart og kompass, og dei skulle gjennomføre søk og redning. Kurset er eit ledd i å få med seg fleire frivillige. Mykje praktisk lærdom om å vera ute i terrenget, føljer med. Røde Kors strevar heile tida etter å få med seg fleire i organisasjonen. Saglien seier at dei ynskjer seg fleire nye i organisasjonen. Det er berre å melda seg.

Artikkeltags