Delte ut prisar under Rogne Idrettslag sitt Årsmøte

Gjensidige ildsjelpris gjekk for 2017 til Tormod Hermundstad (t.v.) og Innsatspokalen for 2017 gjekk til langrennsløparen Anders Kolstadbakken.

Gjensidige ildsjelpris gjekk for 2017 til Tormod Hermundstad (t.v.) og Innsatspokalen for 2017 gjekk til langrennsløparen Anders Kolstadbakken.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Rogne IL hadde årsmøte på Solhaug 21. mars.

Oppussing av Solhaug

Året som har gått har ved sida av aktivitet for medlemmane, vore prega av oppussing, vedlikehald og ferdigstilling av anlegg. Kunstgrasbanen sto ferdig i fjor, og i vinter har seniorgruppa pussa opp gjestgarderoba på Solhaug. Dei har også laga nytt lagerrom og for tida held dei på med å pusse opp styrkerommet.

Held liv i av handballen

Ved å ha treningar og arrangere kampar for yngre handballspelarar, er Rogne IL med og held liv i handballen i Valdres. Fotballgruppa er eit samarbeid med Øystre Slidre IL, og denne gruppa er den gruppa i laget som aktiviserer flest medlemmar.

Friidrettsgruppa arrangerer kvar sommar terrengløpet "Skiferrunda", og i 2017 hadde vi ca. 100 deltakarar og 300 startar her. Elles så er det stor aktivitet i skigruppa, og langrennsløparane hevdar seg i toppen både i Valdres, i kretsen og også på nasjonalt nivå.

15 års innsats av Hermundstad

For å heidre eldsjeler og gode prestasjonar blant utøvarane, deler Rogne IL kvart år ut Gjensidige Ildsjelpris, og Rogne ILs innsatspokal. Gjensidige eldsjelpris gjekk for 2017 til Tormod Hermundstad. Han har i meir enn 15 år gjort ein formidabel innsats for å køyre skiløyper og elles hjelpe til med dugnadsarbeid der det skulle trengast.

Innsatspokalen til Kolstadbakken

Innsatspokalen for 2017 gjekk til langrennsløparen Anders Kolstadbakken. Han gjekk då i klasse M18 og hadde ein flott sesong. På Jr NM var han med og tok bronse for Oppland på stafetten, han kom på 6.-plass i 10 km klassisk og han fekk bronse på 15 km friteknikk. Ein verdig vinnar av innsatspokalen!

Vil lage ny lysløype i Rogne

Budsjettet viser for 2017 eit overskot på kr 86 369, og for framtida håpar laget å stadig kunne forbetre tilbodet sitt slik at fleire medlemmar kjem til.

Ein av planane er å søke om løyve til å byggje ny lysløype i Rogne. Ny lysløype er tatt i kommunens planar, forslag til trase er gått opp, og neste steg på vegen blir møte med grunneigarane. Vi håpar at grunneigarane stiller seg positive. Gjer dei det, ynskjer vi å starte arbeidet vidare. Blir løypa ein realitet, vil det bli eit unikt nærmiljøanlegg med moglegheiter for skule, barnehage og andre til å gå på ski om vinteren og på føtene eller på sykkel om sommaren.

Løypa er planlagt å gå frå Rogne barnehage og sørover. Ho vil liggje godt skjerma for veg og trafikk, ideelt plassert nær barnehage, skule og alle som bur i Rogne og i området Solhauglie \ Høvshaugen spesielt. Vi går spennande tider i møte, lite lag med store planar!

Artikkeltags