Det 27. hausttreffet for veteranar i Heggebø lover god stemning

Bildet er frå 70-årsjubileet til Sælshagane Gråtassforening i 2012.

Bildet er frå 70-årsjubileet til Sælshagane Gråtassforening i 2012. Foto:

For 27. gong er Sælshagane Gråtassforening klare med eit nytt «Hausttreff for veteranar» på Heggebø.

DEL

HEGGEBØ: Som vanleg går arrangementet av stabelen den siste søndagen før elgjakta. I år fell dette på den 22. september. Medlemmene i Gråtassforeninga har den siste tida vore i full sving med planlegging og tilrettelegging, og er på det næraste klare til å ta imot både køyretøy og publikummarar i hopetal.

Nytilsett rådmann i Øystre Slidre, Jostein Aanestad, vil forta den offisielle opninga av treffet. Deretter vil ulike aktivitetar «rulle og gå» heile dagen.

Ekstra fokus på to typar

I år vil Gråtassforeninga setje ekstra fokus på 2-hjulstraktorar og motorslåmaskiner. Tohjulstraktoren og motorslåmaskina sitt inntog i jordbruket har fått ein god del av æra for at kulturlandskapet er halde i hevd etter at ljåen og hesteslåmaskina gjekk ut av bruk midt på 1950-talet.

Kring 1920 kom dei første tohjulingane til landet, men det var først etter krigen det vart fart i salet av landbruksmaskiner med eigen forbrenningsmotor, først og fremst i dei mest brattlendte bygdene. Firehjulstraktorane passa ikkje på smale, bratte gardsvegar. Difor såg gardbrukarane etter andre alternativ og enda opp med tohjulstraktoren som ei løysing mellom motorslåmaskin og firehjulstraktor. Òg i Valdres vart desse køyretøya take i bruk.

Motorsagsutstilling

På årets treff vil det òg bli ei utstilling av gamle motorsager, så her har du anledning til å få vist fram den gamle saga di. Motorsaga vart take i bruk i Noreg like etter andre verdskrig. I løpet av etterkrigsåra revolusjonerte den skogsarbeidet. Motorsagas gjennombrot markerte slutten på dei manuelle reskapa sin dominans, og innleia for alvor mekaniseringa av skogbruket. Fram til slutten av 1970-åra var motorsaga bortimot den einerådande reiskapen i profesjonelt skogsarbeid.

I 1947 demonstrerte to karar frå Nesodden, Trygve Johnsen og Gunnar Busk, ein norskprodusert prototype av motorsaga Jobu. Saga bestod nærast av barnevogndelar og lånte motordelar, men hadde svært god funksjonalitet. Dei to gründerane hadde planane klare for masseproduksjon, og dette vart starten på eit hektisk industrieventyr. Jobu vart marknadsleiande i Noreg i løpet av 1950-talet.

Alle som har ein tohjulstraktor eller ei gamal motorsag, blir oppmoda om å ta med seg dette til hausttreffet. I tillegg er sjølvsagt alle med gamle køyretøy, motorar og reiskapar, som vanleg velkomne til å stille ut dette på Heggebø.

Kåring av treffets finaste veteran

Har du ein fin veteranbil, får du i år ein ekstra grunn til å møte opp. Det vil nemleg bli ei kåring av treffets finaste veteranbil. Publikum skal få avgjera kven dei synast har den finaste veteranbilen.

I fjor fekk vi sjå ei imponerande oppvisning i bruk av sauehund. I år vil vi, i tillegg til bruk av sauehund, få demonstrert kor raskt det er mogleg å klippe ein sau. Fleire har nok prøvd dette sjølve, men det vil sikkert overraske mange kor fort den som verkeleg kan dette faget klarer å få ulla av sauen.

Nytt av året er ei konkurranse i øksekast. I god «Farmen»-ånd, vil dei som ynskjer det få prøve seg på å kaste øks på blink. Av sikkerheitsmessige årsaker, vil dette bli ei konkurranse for dei vaksne. Dei minste vil heller få prøve seg på fisking, og dei tradisjonsrike karamellkasta vil bli gjennomført òg i år. Kor mange Smørbukk-karamellar klarer du å sikre deg i år?

Elles er det som vanleg Heggebø Barnehage som står for sal av både mat og drikke. Ingen skal behøve å gå svoltne på Heggebø denne dagen.

Investert i tomt

Gråtassforeninga har no kjøpt seg tomt, og har planar om å byggje lager og klubblokale.

– I tillegg til at foreiningas medlemmer ser fram til å få eit meir tenleg lager, er det eit håp om at dette kan skape aktivitet som kan rekruttere fleire nye medlemmer. Forhåpentlegvis kan det òg bli ein samlingsplass for ungdomane i bygda. Her kan dei koma saman og mekke litt på kveldstid. For å få realisert bygget, trengst det pengar. Vil du støtte dette tiltaket, kan du bl.a. gjera dette ved å vera ekstra raus når loddseljarane kjem og skal selja lodd på hausttreffet. Det går til ei god sak, fortel Oddbjørn Sælid i Gråtassforeninga.

– Noko anna treng du ikkje å bruke pengar på, det er som vanleg gratis å kom inn på Hausttreffet. Her kan heile familien oppleva ein fin dag saman med heile bygda, utan at det treng å koste ei einaste krone. Det er det ikkje mange andre arrangement som kan skryte av, avsluttar han.

Artikkeltags