– Saman med Mesta Elektro, vil Statens vegvesen gjera alt me kan for å få opna tunnelen for trafikk så fort som mogleg

Statens vegvesen inngjekk i byrjinga av april avtale med elektroentreprenøren Aldesa om å overta elektroarbeidet i Rødølstunnelen med mangelliste. Fristen til entreprenøren gjekk ut torsdag 30. april, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

DEL

FILEFJELL: – Ved gjennomgang av mangellista, var det fleire av punkta som kunne kvitterast ut som ok. Likevel er det enkelte ting som ikkje fungerer, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen på E16 Filefjell.

Tunnelar som Rødølstunnelen er mellom anna underlagt eit strengt regime når det gjeld sikkerheitsstyring. I tilfelle eventuelle ulukker og brann må desse styringssystema fungere. Ein viktig jobb vil vera å få dette til å virke som det skal.

– No når Statens vegvesen har overteke Rødølstunnelen, overtek divisjon Drift og vedlikehald sin driftsentreprenør i området, Mesta Elektro, driftsansvaret for Rødølstunnelen. Dei startar omgåande med å gjera seg kjende med tunnelen og dei forskjellige el-systema, seier Haugen.

Rette opp manglar

I den samanheng må dei også gjera tilpassingar og retta opp manglar, før tunnelen er klar for slutt-testing, sikkerheitsgodkjenning og vegopning. Når Mesta Elektro har fått nødvendig oversikt over kva arbeid som må gjerast, blir det utarbeida framdriftsplan for aktivitetane fram til vegopning.

– Saman med Mesta Elektro, vil Statens vegvesen gjera alt me kan for å få opna tunnelen for trafikk så fort som mogleg, seier prosjektleiar Haugen.

Artikkeltags