Folk blir sett ned på fordi dei har ein annan hudfarge enn dei som meiner seg betre enn andre. Nokon blir snakka til som om dei er apar eller andre dyr. Vi er i 2022, og framleis har mange folk i verda ikkje gitt seg med å komme med rasistiske ord og handlingar mot mange fotballspelarar.

Les også

Om ikkje lenge vil naturen ha tatt over vegen igjen, og det blir ikkje mogleg å køyre på han lenger

Det er mykje rasisme rundt om i verda, spesielt innanfor fotball. Mange av dei rasistiske utspela skjer fordi folk vil distrahere spelaren og alt rundt han slik at han ikkje får spelt så godt han kan. Det øydelegg heile sporten, og dei som er sjef for publikummet og alt innanfor det, bør gjera ein god jobb for å stoppe det.

Mange publikummarar burde blitt bannlyst frå tribunen på grunn av alt det dei kjem med. Når laget deira tapar, så skuldar desse berre på dei som er mørkhuda, men når laget deira vinn, så blir dei same spelarane hylla. Det gjev ikkje mening, korkje for meg eller for nokon andre.

Fotball skal vera ein sport vi alle kan spela utan å bli krenka av andre berre på grunn av hudfargen dei har. Eg har sjølv ikkje opplevd noko rasistisk mot meg, men eg kjenner folk som har fått noko rasistisk eller krenkande mot seg. Å få det mot seg sårar faktisk personen meir enn det folk trur. Personane som får det mot seg, tek det så hardt til seg at det faktisk sårar andre å sjå dette.

Ein ser at det er i den såkalla vestlege verda at rasisme er eit stort problem på fotballarenaene. Mange tenkjer jo at land som England og Italia ikkje har så mykje rasisme, men det er dei to landa med mest hets mot spelarar. Dei legg ut rasistiske kommentarar mot for eksempel Saka, ein mørk fotballspelar frå Arsenal. Han bomma på ein viktig straffe i EM i fjor, og etter den bommen kom mange med stygge ord og handlingar mot han og andre.

Det øydelegg sporten heilt, for tenk på dei unge som vil spela fotball og har eit mål om å bli proff ein dag. Det er ikkje særleg bra at vi unge og andre ser at rasisme skjer også i den sporten vi elskar, spesielt ikkje når vi også ser at Italienarane kastar bananar og kjem med apelydar og teikn mot dei mørke som spelar der. Fotball er ein sport for alle, uansett kva slags hudfarge ein har.

Les også

Eg har sjølv blitt fortalt at eg må «aldri bli bonde»

Rasisme og anna diskriminering bryt vesentleg med alle verdiar fotballen står for. Mange fotballspelarar og lag har eit kampanjebegrep #STOPP. Det handlar om å klargjera det fotballen står for, i kampen for respekt, fellesskap og lidenskap. Det vi som publikum kan gjera for å kunna hindre det meir, er å ha #STOPP rasisme-plakatar.

Det viktigaste er at fotballaget sjølv må kunna avgjera kva dei gjer med det. Dei kan bannlyse dei frå tribunen for ein viss periode, slik at dei skjønnar at dei øydelegg heilheita med sporten og gleda over han med hetsen sin. Nokon fotballspelarar går også med kapteinsband der det står «Stopp Rasisme». I Noreg bruker nokon det, og det er eit bra grep frå dei norske laga. Slik er det fleire og fleire som skjønnar kva fotball handlar om.

Les også

«Eg får vondt inni meg av å tenkje på at unge menneske med ei viktig stemme ikkje tør å bruke den, i frykt for å få hets på nettet»

Rasisme skjer kvar einaste dag, uansett om ein spelar fotball eller ikkje. Det skjer overalt rundt oss nesten. Det er ikkje så mykje vi får gjort nå om dagen, men det er betre å gjera litt forskjell enn ingenting. Alle vi rundt om i verda er verdt like mykje, uansett kva for hudfarge vi har.

Fotball er noko for alle, ein sport alle skal elske å sjå, spela eller oppleva. Alle vi menneske skal lære oss å respektere andre, uansett kva sport dei driv med, og aldri diskriminere eller krenke andre.

Alt det vonde som skjer med rasisme, diskriminering og krenkelse, det øydelegg heilskapen med idrett.

Teksten er eit bidrag til kronikkonkurransen som vart arrangert våren 2022 i samarbeid mellom avisa Valdres, Valdres vidaregåande skule og Nord-Aurdal mållag.

Les også

Hva vil ringvirkningene av en skolenedleggelse være for et lite lokalsamfunn som Begnadalen?