Feirar samefolkets dag for 15. gong i Øye

Feiring: - På Samefolkets dag kan alle vere med og dele glede og høgtid med samefolket seier prost Carli Philip Weisser.

Feiring: - På Samefolkets dag kan alle vere med og dele glede og høgtid med samefolket seier prost Carli Philip Weisser. Foto:

DEL

Vang: Onsdag den 6. februar er det Samefolkets dag og den blir feira på kveldstid med festgudsteneste i Øye kyrkje og festsamling på samfunnshuset etterpå, opplyser prost Carl Philip Weisser. Det er 15. gong at dagen blir feira i Øye.

Syng nasjonalsongen

– Sokneprest Ingebjørg Vik Laugaland og den nye kantoren i Vang, Veronika Kashina, leier gudstenesta. Her vil alle kunne vere med på songar med tekstar på både nord- og sørsamisk og norsk. «Langt nord under Store Bjørnen» som er Samefolkets nasjonalsong høyrer sjølvsagt med, opplyser Weisser.

Etter messa er alle vel møtt på samfunnshuset. Her blir det tradisjonen tro servering av Bjørg Grøv si reinsdyrsuppe.

God underhaldning

Prost Carl Philip Weisser blir med og lover god underhaldning med mellom anna "Alistairs orkester", som øver på både samiske songar og internasjonale hits. Høre mannskor vil og vere med.

– På Samefolkets dag kan alle vere med og dele glede og høgtid med samefolket seier prost Weisser.

Han fortel at det gjennom mange år har vore mange samar knytt til tamreinsdrifta i Valdres.

Ope for alle

- Samefolket og deira kultur har mykje å bidra med inn i vår tid, ikkje minst når det gjeld samspel med naturen seier Weisser.

Arrangementet er ope for både bygdefolk og tilreisande frå heile Valdres, og Øye sokneråd håper at mange finn vegen til feiringa.

Artikkeltags