Samla til fredagskos for første gong sidan november: 28 nye vangsgjeldingar vart presentert for sine sambygdingar

Den evinnelege koronaen har satt ein stoppar for mangt og mykje dei seinaste månadane. Men fredagskvelden kunne endeleg Innovangsjon kome i gang att med sine tradisjonelle treff.