Gå til sidens hovedinnhold

Samlar lokal fotohistorie – med fokus på nyare bilde

Artikkelen er over 1 år gammel

Alle kan no bidra til å bevare minne frå kvardag og fest i Vang.

VANG: – Eit slags draumebilde er både klårt og skarpt samstundes som det skjer noko i bildet, fortel Dagny Britt Frøyen.

Kvar måndag er ho på Vang folkebibliotek for å samle inn «nye» gamle foto frå Vang.

– Hovudfokus er vel frå etter krigen og fram til digitalkameraet overtok på slutten av nittitalet. Portrettfoto og babyfoto er ikkje så relevant i denne runda, men gode glimt frå kvardag og fest er gull å få inn i arkivet, fortel ho.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Vang historielag og Vang folkebibliotek. Alt som vert dokumentert kjem ut i den historiske bildesamlinga på nett og er dermed sikra for ettertida.

– Ta turen innom

Med scanner, datamaskin og bygdebok sit altså Dagny Britt og arbeidar med fotoarkivet kvar måndag på Vang folkebibliotek. Når nokon kjem innom vert anna arbeid sett på vent og nye foto til samlinga er i fokus.

– Det aller beste er om dei som kjem innom har litt tid til å sitje saman med meg sånn at vi får inn mest mogleg informasjon om bileta med ein gong.

Den som vil kan også ta ein telefon til Dagny Britt før ein tek turen innom for å diskutere kva ein skal ta med og når det passar best å møtast.

– Håpet er at folk skal setje seg ned med albuma sine og tenke litt gjennom kva som kan vera interessant for framtida. Potetplukking og møkkakøyring kan vera like spanande som store hendingar. Er bilda først i samlinga her kan det ikkje bli borte, og det har jo både ein verdi for dei som kjem med bilde og ein verdi for Vang.

Jobben starta på 90-talet

Denne runda med digitalisering er ei forlenging av ein omfattande fotohistorisk jobb som starta tilbake på 90-talet.

– 3500 bilete vart samla, avfotografert og ført inn i eit permsystem. Fram til 2010 var dette ein skjult skatt for dei spesielt interesserte, men etter 10 år med digitaliseringsarbeid var alt det gamle samla på nett for eit års tid sidan, fortel Frøyen.

Ho har stått for digitaliseringa, mens Harald Olav Jevne og Sigfred Hovda har stilt opp for å fylle inn med informasjon der det har mangla noko.

– Me håpar at det meste er rett, men kan dessverre ikkje garantere det. Dersom det vert oppdaga feil i den informasjonen me har gjeve er det berre å trykke på «kommentar»knappen og skrive inn rett på nett, så får eg beskjed og følgjer opp.

Det er elles mykje merksemd rundt gamle foto i Vang for tida. Ein kan dele og diskutere i denne facebook-gruppa. Historielaget kom ut med ei historisk fotobok for eit par år sidan og kvart år kjem Fjellblom musikklag og Fjellblom idrettslag ut med Vangskalenderen der gamle foto er i fokus.

Kommentarer til denne saken