Nye trehjulsyklar til Reinli barnehage

Hurra: Full fart på dei nye syklane.

Hurra: Full fart på dei nye syklane. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Bagn og Reinli Sanitetsforeining overrekte åtte trehjulssyklar til Reinli barnehage.

DEL

Reinli: Bagn og Reinli Sanitetsforeining er den største lokale foreininga av Norske kvinners Sanitetsforeining i Oppland med 225 medlemar. Dei har fleire hjartesaker dei jobbar med, mellom anna saker med fokus spesielt på barn og unge, kvinner og kvinnehelse.

Raude syklar

Nyleg hadde foreininga sin årlege skulefrukost på Bagn skule, eit svært populært tiltak for både ungar og vaksne. Kvart år går ein del av kontingenten som medlemane betaler attende til lokalsamfunnet. Tretti tusen går til ulike formål, og i år var det Reinli barnehage som fekk nyte godt av dette.Åtte flunkande nye, raudlakkerte og solide trehjulssyklar vart overrekt til stor jubel for dei ca. seksti ungane som var i barnehagen denne dagen. Dei hadde syklar frå før og, men desse byrja å bli merka av flittig bruk gjennom mange år. Å sykle er ein populær aktivitet for ungane, så populært at det har vore nødvendig med reglar for kven som kan sykle og når. På formiddagen, før mat, er det dei minste som får bruke syklane. Etter maten er det dei største som har fyrsteretten.


Fornøgd: Sondre Børsting er veldig fornøgd med dei nye syklane.

Fornøgd: Sondre Børsting er veldig fornøgd med dei nye syklane. Foto:

Måla opp sykkelbase

Ein fin sykkelbane er måla opp på plassen framfor inngangen til barnehagen med både svingar og fotgjengarfelt, slik at ungane får øvd seg litt på trafikkreglane og.Dei nye syklane var bunde saman med raud snor midt på plassen. Leiaren i Bagn og Reinli Sanitetsforeining, Jorunn Eid Haug, klypte snora og det gjekk ikkje mange sekunda før syklane var i bruk. Barnehagen takka for den flotte gåva og baud på nybaka bollar og saft til alle. Sjølv om regnet sila ned la ikkje dette nokon dempar på den gode stemninga.

Artikkeltags