Selskapet Framsyn Fritid AS planlegg klimavenleg hyttefelt. Området ligg delvis i LNF-område på Beitostølen
Artikkelen er over 1 år gammel
Enova har gjeve selskapet «Framsyn Fritid» ein million kroner i støtte til å finne berekraftige løysingar for hytter. Det er Torger Juel Fosse og Tor Oxhovd som arbeider med prosjektet ovanfor Stølslie. Utfordringa er at området dei planlegg eit hundre klimavenlege fritidsbustadene i, til dels ligg i LNF-område opp mot stølane på Beitostølen.