Etter den siste FN-rapporten om klimautfordringane har debatten gått høgt i media om kva Norge skal gjera. Senterpartiet blir skulda for å vera ein klimaversting, noko eg ikkje er samd i.

Overordna stiller Sp seg bak målsetjinga i Parisavtalen, samtidig som partileiar Vedum har vore god til å fokusere på at klimatiltak ikkje må ramme sosialt skeivt. Dette perspektivet meiner eg er viktig og det er i stor grad Vedum som skal ha æra for at fleire parti no seier det same.

Når det gjeld dei konkrete tiltaka Sp ønskjer kan eg dra fram nokre punkt som står om transportsektoren i det nye programmet for 2021-2025.

Sp vil bidra til at alle nye personbilar skal vera nullutsleppsbilar frå 2025, og at 75% av langdistansebussar og 50% av lastebilar skal ha nullutslipp i 2030.

Ein vil også ha ein nasjonal plan for ladestasjonar. Elbilfordelane skal endrast, slik at mva-fritaket skal gjelde fram til 600 000,-. Over dette beløpet skal ein betale full mva.

Vidare vil ein ha eit CO2-fond for å kutte utslipp frå næringslivet og ha satsing på avansert biodrivstoff i transportsektoren - også i luftfarten, der målet er at dei fyrste nullutslipps (el- og biodrivstoff) flyrutene skal vera i drift innan 2030.

Og ikkje minst vil Sp reforhandle Chicago-konvensjonen med sikte på å auke avgiftene på internasjonale flyreiser.

Senterpartiet vil også satse på hydrogentog på linjer der det i dag går dieseltog, samt bygge ut togtilbodet. Nullutslippsferger skal vera hovudregelen, men meirkostnaden med desse skal dekkast av staten. Til slutt kan eg nemne innføring av kjøps- og bruksfordeler for nullutsleppskøyretøy av typen motorsyklar, mopedar, traktor og firehjulingar.

Dette var nokre korte eksempel frå ein av mange sektorar der Senterpartiet har ein offensiv klimapolitikk. Partiprogrammet skil seg i så måte ikkje veldig frå andre parti. Så er det slik at ein sjeldan er samd i alt eit parti står for. Personleg beklagar eg at partiet ikkje også vil slutte å leite etter nye oljefelt, slik FN-rapporten og det internasjonale olje- og energibyrået (IEA) meiner vi bør. Å kutte forbruket av olje og gass er likevel viktigare enn å slutte å leite.

Eg trur uansett senka forbruk, etterspørsel og pris heldigvis kjem til å avslutte det norske oljeeventyret av seg sjølv, lenge før dei nye felta blir take i bruk. Skal Norge unngå å tape i den omstillinga som skjer no, er det rask omstilling av energi-, industri- og næringslivsektorane som gjeld.