Opplever medlemsvekst

Av

Oppland Senterparti har fått 50 nye medlemer i løpet av januar månad.

DEL

Oppland: Dette er del av ein nasjonal trend der Senterpartiet opprettar nye lokallag og får fleire medlemer over heile landet.

– Dette er svært gledeleg, seier leiar i Oppland Senterparti Bengt Fasteraune.

– Mange reagerer på den sentraliserande politikken som Regjeringa fører, og ønsker ein annan politisk kurs. Mange seier ja til å stå på kommunevallistene til Senterpartiet, og endå fleire ønsker å vere medlem.

Artikkeltags