Kronikk Dette er ein kronikk, skrive av ein ekstern bidragsytar. Kronikken gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Det blir hevda at det blir for dyrt å dele opp fylki att. Men prisen då det vart samanslåing var lite omtala av dei som no nyttar argumentet.
Mange tilsette må skifte arbeidsplass eller arbeid ved oppdeling av fylke. Men det vart ikkje teki omsyn til omplassering og ulempor ved samanslåingi.
Ein skal spara mykje pengar på «stordrift», men kva med lange reiser til fylkeshovudstaden etter at fylkeshovudstaden for mange vart mykje lengre vekk? Er det berre dei tilsette og fylkespolitikarar som skal med i reknskapen, medan «folk flest», «vanlege folk» skal betala auke reisetid og auka utgifter sjølve?
Sentraliseringi har vori med å gjera Valdres til endå meir «utkant». Nemner ein namnet Vang – sjølve trivselskommunen i fylket – kan du no rekne med at det gjeld Vang ved Hamar, Vang i Valdres blir helst nemnt i samband med ulykkor eller brotsverk, ikkje til dømes all den positive kulturverksemd som går føre seg der.
Samanslåingar av fylke, kommunar, skulekrinsar har dempa dugnadsvilje og hindra gode grannetiltak: alt skal føregå i sentrum, det vere seg Bryssel, Oslo, Lillehammer eller Fagernes.
Kvifor syner det seg stadig at trivsel og innsats er større i små kommunar, grender enn i større?
At trivsel og innsatsvilje påviseleg er størst i små einingar (Tisleidalen, Etnedal, Vang osv.) blir gløymt eller feidd under teppet. I større einingar blir ansvaret pulverisert, leidingi «tek ansvar», utan å veta kva sakene gjeld. Ein kan ikkje «uttala seg om einskildsaker», men alle saker er einskildsaker, og alle problem eller konfliktar gjeld menneske – medmenneske.
Mindre grender blir gløymde så mykje meir når kommunestyre blir «slanka» så berre tettstadene blir representerte. Minoritetar blant menneske (det er menneske som bur i Oppland og i Valdres) får mindre påverknad og blir mindre teki omsyn til di lengre dei er frå den staden der avgjerd blir teki.
Døme på tvangssentraliseringi:
Folkemusikklina på Fagernes vart tvangsflytta til Vinstra etter at Stortinget vedtok landsline på Fagernes. Det skulle ikkje fylkespolitikarane godta!
Skulane i Nord-Aurdal vart slått saman, og krinsar som før hadde klårt nynorskfleirtal (Leira, Lo, Åbjør, Tisleidalen) må no sjølve samla underskrifter til nok nynorskelevar for parallellklassar. Kvifor ikkje same krav for bokmål?
Nokre personlege opplevingar:
I Oppland fylkesskulestyre laga me ein plan som fastslo at avstanden Leira-Lillehammer var like lang som Lillehammer-Leira; folk i Mjøsområdet måtte òg kunne reise vekk og bu på hybel. Skulene skulle ha kjernefag (fag som alle område hadde) og profilfag (fag skula sjølv utarbeidde og utvikla, og som dei kunne vera visse på å behalde over tid. Men no synest det som sentraliseringi held fram, og fritt skuleval tyder: kom til sentrum, der har me tilbod.
Når me ein sjeldan gong hadde møte i Valdres, måtte møtet starte ein time seinare enn når me hadde møte på Lillehammer; det er altså ein time lengre frå Lillehammer til Leira enn omvendt.
Det nye helsetunet på Fagernes har vori sers vellukka. Ringer du, får du time så å seia «på timen». Og vel framme blir du teki hand om. Ved sjukehus lengre vekk får du fylgjande problem i tillegg til reisetidi: Er du svolten, kan du liggje 3-4 timar utan at nokon spør om du treng mat eller drikke. Er du dårleg, kan du liggje på venteavdeling mange timar utan at nokon kjem og spør korleis det går eller om du kanskje kunne behøve eit toalettbesøk. Om dei tilsette er viljuge og flinke nok, hjelper det lite når du er i ei stor eining: du er med å spara pengar for sjukehuset. Lite hjelp – lite utgifter.
Di større ei eining er, di mindre ansvar har leidingi for enkeltsaker. Di større ei skule er, di mindre blir kvar elev. Og dette syner seg å vera tilfelle også i større samanhengar. Difor:
Ver med å røyste mot sentraliseringa. Me vil ikkje bli endå meir «utkant»!