Gå til sidens hovedinnhold

Ser du blålys og høyrer sirener? No er det stor øving ved Slidrefjorden

Torsdag kveld, mellom klokka 18.00 og 21.00, er det ei stor øving med alle naudetatar ved Slidrefjorden.

SLIDRE: Ser du blålys eller høyrer sirener i området på dette tidspunktet, kan det vere på grunn av øvinga.

Det er Høre/Vestre Slidre Røde Kors, Ambulansetenesta, Valdres Brann- og Redningsteneste og Politiet som saman har laga øvinga.

– Det vil vere ein del utrykkingskøyretøy i området og ein del søkjemannskap i aksjon, seier Ove Rosenlund, operativ leiar i Høre/Vestre Slidre Røde Kors.

Han omtalar øvinga som ein fullskala øving kor etatane øver på å arbeide saman og finne ut kva slags verktøy og hjelpemiddel dei ulike etatane har.

Mange deltek

Fleire naudetatar deltek i øvinga, og det vil difor kunne vere ein del utrykkingskøyretøy i området.

Blant anna deltek lokalt brannmannskap frå både Ryfoss og Røn i øvinga. I tillegg kjem det redningsdykkarar frå brannvesenet på Gjøvik.

Sivilforsvaret, Norske Redningshundar og Vestre Slidre kommune deltek også, i tillegg til Høre/Vestre Slidre Røde Kors, politiet og ambulansetenesta.

Også Norsk Luftambulanse blir med dersom dei ikkje er på oppdrag.

Sakna person

Øvinga er skal vere mest mogleg realistisk, og Rosenlund vil difor ikkje gå i detalj om kva meldinga naudetatane får går ut på.

Det han kan si er at det vil vere ein sakna person i nærleiken av Slidrefjorden.

Les også

Katastrofeøvelse i bitande kulde med 60 involverte frå alle nødetatar

Les også

Øystre Slidre helsetun vil ha fullskala- og evakueringsøvingar så snart det lar seg gjere

Kommentarer til denne saken