Gå til sidens hovedinnhold

Set Valdres på matkartet

Dei siste åra har satsinga på lokal mat og drikke i Valdres skote fart. Aukande interesse og aukande produksjon har vore med på å setje Valdres på det nasjonale matkartet.

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

Ikkje minst i fjoråret, der meir reising i Noreg og større oppslutning kring norskprodusert mat og drikke som fylgje av koronapandemien, har berga mange lokale produsentar og leverandørar. Daglegvarekjedene har dei siste åra også vorte betre på å synleggjera norsk lokalmat, med eigne satsingar og hylleplass. Saman med lokale utsal er det med på å gjera varer produsert i Valdres meir tilgjengelege.

Stemningsfull nyåpning til smektende toner: Flyttet inn i lokaler en landhandel verdig

I dette biletet er det flott at vi også har ein eigen landhandel i bygda. Laurdag kunne dei driftige folka bak Fagernes Landhandel opne butikken i dei nye lokala i Annekset i Fagernes Sentrum. Butikken er med på å gjera utvalet betre og breiare, og ein stad du kan få kjøpe lokal og internasjonal gourmetost og spekemat når du måtte ynske det.

Kristina Gyllensvärd og Eivind Dølerud skal ha ros for at dei torde å satse på å byggje opp ein landhandel i 2018. Over heile landet har spesialbutikkar måtte leggje ned, ettersom folk har tydd til lågprisbutikkar og store kjøpesenter. Å starte opp eit alternativ til kjøpesentertrenden, for så å faktisk få det til å gå rundt, er ikkje gjeve i dagens samfunn.

Veksten Fagernes Landhandel har hatt, vitnar om at kundane, om dei er fastbuande eller tilreisande, set pris på spesialbutikken. Men ikkje minst vitnar veksten om at tilbodet og servicen i butikken også blir opplevd som god.

Førebelse tal frå i fjor syner ein salsvekst på 12,9 prosent for lokal mat og drikke i daglegvarehandelen. Det er høgare enn veksten i daglegvarebransjen elles, sjølv i eit år der det har vore generelt godt sal i norsk daglegvare. I eit normalår vil serveringsbransjen og storhushald koma i tillegg.

Vi har grunn til å vera stolte over kva bønder, foredlarar og utsal har fått til i Valdres. Gode råvarer frå gard, fjell og vatn finn vegen til butikkar i Valdres, men også til kundar utanfor Valdres. Små vesen, Valdresost og Rakfisk frå Valdres er nokre av produkta som har slått an også utanfor regiongrensene.

Line Svien i Tyinlam seier til avisa Valdres at dei har merka godt den auka interessa for norske råvarer og lokalmat. Vi håpar forbrukarane verkeleg har fått opp augo og smakslaukane for lokal mat og drikke. For Valdres sin del er det i alle fall ein viktig del av den totale opplevinga dalen har å by på.

Les også

Pinnekjøtet vart utseld alt i oktober, lenge før det var ferdigprodusert: – Me opplevde at folk var meir interesserte i å støtte norskprodusert mat

Kommentarer til denne saken