Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Etter mitt syn så må det til tiltak før flaumen kjem, og då tenkjer eg på tilstrekkeleg store magasin for å dempe flaumen.
Slik det er no, og her, så dundrar t.d. Vinda under flaum nedover med kanskje 40 kubikkmeter i sekundet, og dette vatnet sender vi nedover, fyrst til Fagernes og Leira for å skapa problem. Det kunne t.d. vore regulert i utløpet på Yddin, som også kunne vore lager for vinterkraftproduksjon. Kva blir det til med nytt kraftverk i Hegge forresten?
Ser ein på t.d. Nesbyen og Nordre Land, så kjem det stadigt flaum som dekkjer og øydelegg fleire tusen mål med jord og skadar hus. Det må då vera fornuftigt å investere i nye damanlegg, samt å nytte eksisterande på ein betre måte og ikkje sende vatnet nedover til t.d. Hokksund. Sjølvsagt må kraftverka kunne gå, med kanskje noko redusert produksjon.
NVE har under flaumen varsla om at no kjem vatnet til å stiga så og så mykje. Vel og bra, men kva tiltak er det mogleg å iverksetja? Nei, NVE må få full styringsrett over magasina som eksisterer, og det må byggjast nye der det trengst. Blir det t.d. varsla 80 mm nedbør i døgnet, så må alle magasin opnast så mykje at det blir plass. Dette vil kunne skapa ein «miniflaum», som må varslast.
Slike tiltak, som nemnt, er førebuing for krise, og bør ikkje kunne påklagast, men ev. skadar må kunne erstattast.