Gå til sidens hovedinnhold

Siste mottak i Valdres

Torsdag kom meldinga om at asylmottaket i Vang blir lagt ned frå nyttår. Då går selskapet Hero sin kontrakt med UDI ut, og den er ikkje erstatta med nokon ny.

Leder Dette er en leder. Lederen gir uttrykk for avisens holdning.

Med det forsvinn arbeidsplassar, inntekter for kommunen og ikkje minst eit høve til å syne fram eit utstillingsvindauge for korleis ein kan drive god integrering i ein liten distriktskommune.

Les også

Asylmottaket i Vang blir lagt ned: – Vi forheld oss til det, og driftar på vanleg måte

Det var ikkje berre støtte då det på slutten av 1990-talet vart avgjort at gamle Grindaheim Hotell på nytt skulle bli asylmottak. Men i alle åra som har gått har det synt seg at småkommunar som Vang er godt eigna for drift av asylmottak. Regiondirektør for UDI Innlandet, Siv Kjelstrup, uttalar også til avisa at Vang har vore ein god samarbeidskommune, at tilbodet har vore godt at bebuarane har vore nøgde med å bu i Vang.

Les også

– Eg er litt overraska over innstillinga

Det verkar paradoksalt at eit asylmottak som UDI meiner har drive godt no ikkje får halde fram. Særleg når vi veit at det har kome fleire afghanske asylsøkjarar til landet i samband med Talibans maktovertaking. Hovudårsaka til at det trengst færre mottak er at det kjem langt færre flyktningar og asylsøkjarar til landet, fyrst og fremst som ein konsekvens av koronapandemien. UDI har lagt til grunn at det blir mellom 800 og 1500 ankomstar totalt i 2021. Samstundes er det 82,4 millionar menneske på flukt i verda.

Men det er også svært uheldig om det er slik at distrikta blir taparar. UDI opplyser om at det ikkje har vore mottaksanbod som Vang asylmottak har kunna søkt på. Årsaka er eit ynske om at mottaka ikkje skal liggje så langt unna ankomssentra. Dette er i tråd med den sentraliseringspolitikken regjeringa har ynskt seg også på asylfeltet.

Altså skjer det ei politisk ønskt sentralisering av kompetanse og arbeidsplassar. Og ikkje minst forsvinn verdien av å enklare kunne integrere bebuarar på mottak i eit lokalsamfunn der alle kjenner alle, der frivilligsentralar, bibliotek, lag og organisasjonar er viktige støttespelarar og bidragsytarar i tillegg til mottak og skule.

Kommentarer til denne saken