Gå til sidens hovedinnhold

Sjølvstendig domstol på Fagernes? - Vi hadde rett. For Oppland sin del betyr reforma det at dei sjølvstendige tingrettane på Fagernes, Lillehammer og i Vågå ikkje lenger eksisterer

Fram til nyleg var det fire sjølvstendige tingrettar i Oppland. No er dei fire slegne saman til nye Vestre Innlandet tingrett.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Høgre hevda at rettsstadane skal vera likeverdige og ikkje ha eit hovudsete. Det er då merkeleg at det på domstol.no står at Gjøvik er staden ein skal kontakte den nye tingretten.

Før jul var det stor strid om verkelegheitsoppfatninga mellom oss politikarar. Justisministeren og representantar frå regjeringspartia og Frp stod på den eine sida. Dei påstod at det å slå saman domstolar ikkje ville føre til at det vart færre domstolar. Vi som ønskte å behalde domstolar rimeleg nært folk i heile landet var ueinige. Vi sa klart ifrå om at massive samanslåingar av domstolar sjølvsagt vil føre til færre sjølvstendige domstolar, og fekk støtte av mellom anna jusprofessor Eivind Smith i dette.

Vi hadde rett. For Oppland sin del betyr reforma det at dei sjølvstendige tingrettane på Fagernes, Lillehammer og i Vågå ikkje lenger eksisterer. Der er det no berre avdelingar under den nye tingretten på Gjøvik. Dette får vi stadfesta når vi går på nettstaden til dei norske domstolane, www.domstol.no<http://www.domstol.no>, der det står: «Fra og med 26. april er antallet tingretter redusert fra 60 til 23. Det skal imidlertid fortsatt være rettssteder hvor det til nå har vært domstoler.»

Når 60 har vorte til 23 på landsplan og fire domstolar har vorte til ein i Oppland, er det jo ikkje like mange domstolar att. Men ja, rettsstader er det like mange av – enn så lenge.

Ingjerd Thune har fått jobben som domstolsleiar for den nye tingretten. Med samanslåinga har sorenskrivaren i Oppland fått ansvar for 17 nye tilsette, og er no leiar for 34 tilsette fordelt på fire ulike stadar. Samanslåinga av domstolar medfører lønsauke for dei som no får fleire tilsette, men kor mykje betre leiing gir det å gå frå å ha leiarar på alle fire stader til ein fjernleiar?

Justisministeren vart pressa på dette temaet før jul, og sa då at leiarane skal vera til stades på alle rettsstadene. Dette medfører altså absurd reiseverksemd og enorme reise- og overnattingskostnader til domstolsleiarar i heile landet framover.

Mange stader i landet ser vi at dei domstolsleiarane som var motstemmer til sentraliseringa har mista stillinga si som domstolsleiar. Det er synd, fordi domstolsleiarar kan delta i samfunnsdebatten på ein friare måte enn vanlege dommarar kan.

Med svært få unntak er det altså no forkjemparane for samanslåingar som sit att med leiarstillingane. Slik har vi endå mindre motstandskraft til dei rundane med sentralisering som garantert kjem framover – viss dagens regjering får halde fram. Regjeringa og ikkje minst Domstoladministrasjonen ønskte jo ikkje berre å degradere mange av domstolane til rettsstader, dei ville leggje ned dei fleste heilt med ein gong.

Sterk mobilisering gjorde dette for vanskeleg for dei i første runde. Derfor er det all grunn til å forvente press på dei rettsstadene som inntil nyleg var sjølvstendige domstolar. Press kan koma i form færre tilsette, mangel på nødvendige investeringar for framtida og at dei tilsette må reise mykje meir enn før. Vi i Senterpartiet har ei løysing: Vi vil gjenopprette både dei 60 tingrettane og dei 34 jordskifterettane om vi kjem i regjering til hausten. Eit regjeringsskifte vil såleis innebera å sikre ei vidare framtid for det som inntil nyleg har vore ein sjølvstendig tingrett på Fagernes.

Kommentarer til denne saken