Gå til sidens hovedinnhold

Sju skuleelevar påvist smitta

Fleire skuleelevar i Vestre Slidre har fått covid-19.

VESTRE SLIDRE: Vestre Slidre kommune melde tysdag at fleire skuleelevar hadde hatt positive hurtigtestar dei siste dagane, men at dei enno venta svar på PCR-testar.

Desse er det onsdag kome svar på. Det er blant dei som vart PCR-testa i kommunen måndag, påvist elleve nye smitta. Av desse er sju elevar på mellom- og ungdomssteget ved Vestre Slidre skule.

«Smitteveger er kjente. Tiltak utover det vanlege blir å fortsette testinga jamleg til alle elevane som er aktuelle å teste testar negativt. Vi ventar fortsatt på eit par testsvar når det gjeld skulen», melder Vestre Slidre kommune på si heimeside onsdag ettermiddag.

Les også

Sju skoleelevar med positiv hurtigtest

Kommentarer til denne saken