Gå til sidens hovedinnhold

Sjukehus-sirkus kring Mjøsa

Vi treng å få på plass nytt mjøssjukehus på Moelv. No må Helse Sør-Aust ta ansvar.

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

Debatten om plasseringa av det nye Mjøssjukehuset har vore varmare enn lavaen frå ein vulkan dei siste månadane. Då ei ekspertgruppe før jul tilrådde å leggje nytt sentralsjukehus til Brumunddal i staden for Moelv, sprakk den skjøre semja om kvar stor-sjukehuset skulle liggje.

Lokaliseringa av Mjøssjukehuset burde vore avgjort for lengst. Sjukehusa kring Mjøsa treng oppgradering. Innbyggjarane i fylket treng topp moderne sjukehus og tenester. Spørsmålet om nytt sjukehus i Innlandet har vore debattert i over 20 år.

Enstemmighet om høringssvar til ny sykehusstruktur: – Valdres kan ikke akseptere lengre reise enn til Moelv

Vi har forståing for at Gjøvik, Lillehammer, Hamar og Elverum ynskjer arbeidsplassar, men å gjera ei hardt tiltrengt sjukehussatsing om til ein rein lokaliseringsdebatt og hanekamp mellom ordførarane i Mjøs-regionen, er å setje tryggleiken og helsetilbodet for resten av regionen på spel. Det handlar om meir enn bybefolkninga kring Mjøsa.

Sjukehussaken var viktigste tema i årsmøtet til Oppland Senterparti – her vil Sp at mjøssjukehuset skal ligge

For pasientar frå Valdres kan eit sjukehusbesøk vera eit «Mjøsa rundt». Det er ikkje uvanleg at pasientar blir lagt inn på eitt sjukehus, for å få utgreiingar på andre sjukehus i løpet av ein dag, og så bli sendt attende til det fyrste sjukehuset. For enkeltpersonane er dette ei stor belastning. Mange bur også så langt frå sjukehuset, at det i praksis ikkje har stort å seia om ein reiser til Lillehammer enn Moelv.

Valdres har, slik ordførar Marit Hougsrud poengterte nyleg, godteke ei ekstra reisetid på 20 minutt frå Gjøvik til Moelv. Kor skjør semja er såg vi i etterkant av prosjektgruppa i Helse Sør-Aust si innstilling: Det kunne vera like aktuelt for delar av Valdres å knyte seg til Ringerike sykehus på Hønefoss i staden for. Reisetida til Hønefoss er for mange i Valdres kortare eller lik reisetida til Moelv, men sjukehuset ligg i eit anna helseføretak.

Transport til Ringerike veldig mye enklere enn til Brumunddal eller Moelv

Støtta til at sjukehuset blir plassert på Moelv er stor både frå fylkestinget og frå kommunane i fylket. Fylkestinget i Innlandet gjorde nyleg – og på nytt – vedtak om at det nye sjukehuset må liggje på Moelv. Også brukarutvalet i Sjukehus Innlandet og Divisjon prehospitale tenester går inn for Moelv.

Avgjerda om framtidig sjukehusstruktur i Innlandet skal takast før sumaren. Då må styret i helseføretaket ta omsyn til heile befolkninga i Innlandet.

Kommentarer til denne saken