Då mor mi, far og eldste bror busette seg i Skrautvål, var det både matbutikk, grunnskule og barnehage her. Då eg kom til verda, var matbutikken allereie nedlagt, skulen forsvann rett før eg skulle starte på skulen, men heldigvis finst barnehagen framleis. Det er ikkje sjølvsagt at den er her når eg treng han …

I dag bur omtrent 80 prosent av befolkninga i Noreg i byane. På 1960-talet budde omtrent halvparten av befolkninga i byen og halvparten på bygda. Mange unge vel å busette seg i byane, og saman med auka forventa levealder vil det bidra til sterk aldring i distrikta.

Les også

Fridom under ansvar, er det ikkje det vi seier?

Viss me ikkje får auka rekrutteringa av folk som vil busette seg i bygda, så kjem bygda til å døy ut saman med den aldrande generasjonen. For å få dei unge til å busette seg her må det vere noko som dreg dei. Eg meiner at me då må ha eit breitt utval av tilbod som til dømes barnehage, matbutikk og idrettslag. Det er då bygda er levande.

Det har vore ei rask utvikling med nedlegging av diverse tilbod på bygda. Eg trur dette er ein av grunnane til at folk flytter til meir sentrale strøk. Folk blir leie når dei må køyre langt til kvar bidige ting dei skal vere med på. Då flytter dei heller nærmare byen der det er mange tilbod.

Les også

Ei vending må til, for framtida si skuld

For ikkje så lenge sidan hadde Rogne i Øystre Slidre kommune ein matbutikk. Eg og min familie reiste ofte dit for å handle. Me bytte på om me handla på Fagernes eller i Rogne. Men det er både kortare og slakare veg til Rogne, så me handla som oftast der. Eg hugsar også dei varme somrane då eg og nokre venar susa med sykkel ned på butikken for å kjøpe is.

Det einaste som er att, er ein riksveg med høg fartsgrense der hyttefolket susar mot Beitostølen. Me kan ikkje sykle til Fagernes heller, det er for langt, bratt og for farleg å ferdast med sykkel.

Les også

Kampen om grendeskolene

Me kan snu denne utviklinga! Me må ikkje slutte å kjempe mot at tilbod bli lagt ned. Coop’n i Rogne blei lagt ned blant anna på grunn av at bygget trong ein del oppgraderingar. Dei såg det derfor ikkje lønnsamt å fortsette drifta. Eg meiner dette er noko kommunen burde prioritere å bruke pengar på. I tillegg til at sjølve matbutikken, tippinga, bensinstasjonen og post- og pakketenesta blir borte, blir midtpunktet i bygda borte. Plassen som gjer bygda levande, blir borte. Dette er møteplassen til bygdefolket, det er her dei slår av ein fem minuttars prat no og då. No er det mange som blir tvinga til å reise over ei mil med bil for å handle. Dette er ikkje noko som drar folk til bygda.

Les også

Kva er vegen vidare?

Men ein ting er at tilbodet finst, det må òg bli brukt. For ein annan grunn til at Coop’n i Rogne blei lagt ned, er at det vart færre og færre som handla der. Fagernes og Leira har mange matbutikkar som Extra, Kiwi, Spar og Rema som dreg bygdefolket. Viss dei små butikkane i bygda som me elskar så høgt, skal finnast, så må dei bli brukt.

Urbanisering er eit stort problem. Viss den same utviklinga fortset, så kjem distrikta til å døy ut.

Eg meiner at me må få ein slutt på denne utviklinga. Me treng levande bygder. Me treng at folk bur på bygda, både bønder og andre. Då må det vere tilbod som dreg både store og små. Men me må også bruke dei tilboda som finst. Bygdefolket må vere aktive på å bruke nærbutikken. Då er dei med på å oppretthalde tilboda som er. Ein lyt òg kjempe for å få meir.

Teksten er eit bidrag til kronikkonkurransen som vart arrangert våren 2022 i samarbeid mellom avisa Valdres, Valdres vidaregåande skule og Nord-Aurdal mållag.