Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Eg kunne ikkje vore meir enig. Når eg køyrer forbi, tittar eg på den, og når det er mykje vatn får eg ein gratis vindusvask med på kjøpet.
Ofte har eg gått ned til den for å fiske eller berre for å sjå og kjenne på dei massive vannmengdene som dundrar gjennom.
Fjernar du 60 prosent av dette sit du ikkje att med «prektig, imponerende og fantastisk».
Vang kommune hadde nyleg ei innbyggjarundersøkelse der 87 prosent seier at landskapet og naturen i kommunen betyr mykje for deira identitet. I overkant av 85 prosent er samde i at «vi må ta betre vare på naturen fordi den utgjer livsgrunnlaget vårt» og at «naturen har ein verdi i seg sjølv, og vi har eit etisk ansvar for å ta godt vare på naturen».
Det burde være enkelt for politikarane å sjå kvar innbyggjarane står i denne saken.
Utbygging av eit vaskraftverk i Ryfoss vil gje store inngrep i naturen og landskapet, med ettervirkningar som ingen kan forutsjå.
Når pengane bokstavelig tala renn inn hjå kraftselskapet vil det også være nær umuleg å snu. Her må politikarane ta ansvar å legge dette forslaget dødt før det spirar vidare.
Kva skal vi seie til kommande generasjonar når dei spør kvifor det heiter Ryfoss?
På nytt aktuelt å byggje kraftverk – vil byggje ut Ryfossen
