Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Underteikna har med interesse lese om at eit AS har planar om utbygging av Ryfossen. Eg representerer ikkje spekulasjonskapital eller har andre motiv for eller mot utbygging.
Det må bli opp til folket og politikarane i berørte kommunar om dei vil byggja ut vasskrafta her eller ikkje. Det som derimot interesserer meg er kva vi står overfor med sannsynleg utvikling av klimaet vårt, og at vi treng energi for ei fullstendig omlegging av drifta av samfunnet vårt. Det er nok å minne om stormen vi hadde.
Vi kan ikkje berre seia nei-nei til å skaffe oss den energien vi treng for ei omlegging. Vi kan neppe sjå oss attende til 1930, då berre lensmannen og presten, i beste fall, hadde bil. Sjølvsagt vil ei utbygging bety inngrep, men det er i dag mogleg å laga ei skånsam utbygging med minstevassføring, tersklar og eit fint lite basseng for inntaket til ein tunnel. Ein kan til dømes sjå på Neselva ved Fagernes etter Lomen-utbygginga og den vesle kraftstasjonen som er bygt i elveløpet.
Av skissa for ei utbygging framgår det at ein vil kunne ta ut ca. 25 millionar KWt i året frå ei slik utbygging. Det er sjølvsagt vinterkraft som har størst interesse, og det er vel då også eksisterande magasin lengre oppe bli tappa. Ved å regulere Vangsmjøsa 50 cm opp og tilsvarande ned ville ein ha skaffa seg mykje vinterkraft ekstra – men fy og fy for ein tanke!
Av skissa for ei ev. utbygging framgår det vidare at prislappen på ei utbygging vil bli på om lag 95 millionar kroner. Utan å bruke kalkulator kjem eg til at med ein kraftpris på ei krone pr. KWt, vil det gå ca. fire år å nedbetala utbyggingskostnaden. Var ikkje det eit greitt reknestykke? Det er sjølvsagt andre kostnader involvert, og det er like sjølvsagt mange alternativ og usikre moment, men ei nedbetaling over t.d. 10–15 år skulle lata seg gjera. Ein kan t.d. velja å taka ut noko utbytte allereie frå fyrste produksjonsår.
Men noko som er rimeleg sikkert, er at når kraftstasjonen er nedbetalt, så kan ein taka ut kanskje 10 millionar i året, og ha kraft til kanskje mesteparten av husstandane i Vang.
Dette var frimodige ytringar, men blir det utbygging, så bygg ut sjølve. Ikkje overlat falla til spekulasjonskapital, anten den no er utanlandsk eller innanlandsk.