Kronikk Dette er ein kronikk, skrive av ein ekstern bidragsytar. Kronikken gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Dersom ein meiner denne utviklinga bør bremsast, så må det setjast inn ei rekkje tiltak frå både private, kommunale og statlege aktørar. Det einaste som vil monne er hogst og krattknusing. Attgroinga skjer naturleg, og bevisst politikk må til for eventuelt å endre utviklinga.
Den attgroinga me no opplever har fleire årsakar, men særleg viktig er truleg at bruken av utmarka har endra seg i løpet av det siste hundreåret. Lange, historiske perspektiv spelar også inn.
Me veit at det langt attende i tid har vore fleire istider, og den siste slutta for rundt 12.000 år sidan. Våre område opplevde ekstra godt klima i bronsealderen for ca. 3000 år sidan. Då var det edellauvskogar nede i dalane i Valdres – med bøk, eik og ask, og både Valdresflye og Hardangervidda var skogkledde med furu. Tregrensa gjekk altså mykje høgare enn i dag, og dersom ein grev i myrene til dømes på Valdresflye, så vil ein finne store tømmerstokkar som er «hermetiserte» etter desse varme periodane i tidlegare tider.
Etter bronsealderen vart klimaet kjøligare, og temperaturen på jorda har svinga naturleg opp og ned gjennom fleire periodar etterpå. Eg har mellom anna sett skrive at årsaka til at Norge vart ei stormakt i Nord-Europa i vikingtida, var ein lengre periode med godt klima – frå om lag år 800 til 1300. Likeins har me også høyrt om «den lille istid», som i 300 år frå ca. 1550 til 1850 resulterte i ein kaldare periode. Det førte til mange uår – det var så kaldt vêr at kornet ofte ikkje vart modent og mange svalt. Og no opplever me ein ny periode med godt klima.
I kor stor grad temperaturauken på jorda i vår tid er menneskeskapt, kan og blir diskutert. Men det er i alle fall eit faktum at menneskeleg aktivitet har påverka skogen til dømes i Valdres: Her i dalen har det vore minst to store periodar med jernutvinning. Det førte til stort behov for brennbart virke, og mykje skog vart hoggen. Den siste jernutvinningsperioden var i høgmellomalderen, men det vart brått slutt med svartedauden rundt år 1350.
Stølsdrifta her i landet er truleg minst 1000 år gamal. Forskarane meiner at mange av stølane våre vart etablerte i skog, og at mange hundreårig stølsdrift rett og slett har ført til avskoging og senking av tregrensa med fleire hundre meter.
Det er nemleg eitt faktum som ofte blir gløymt i samband med dagens attgroingsproblematikk, og det er at me har slutta å yste! Før meieria overtok mjølkeforedlinga, og det var kyr på alle gardar, så gjekk det med store mengder ved. Alle kyrne var tidlegare vårbære, og det vil seia at den gode mjølkesesongen var om sumaren.
For å utvide garden, vart krøtera sende til fjells om sumaren. Og når alle gardar sjølve foredla all mjølka på stølen, så var det behov for store mengder ved. Folkeminnesamlar Knut Hermundstad har funne opplysningar her i Valdres om at det gjekk med to vanlege hestelass med ved pr. kyr pr. sumar – når dei sjølve skulle omskape all mjølka til kvit og brun ost.
På kvar einaste gard var det kanskje fem til sju kyr, og dersom me gangar dette opp, så blir det uhorvelege mengder vedlass. Og når denne aktiviteten pågjekk i hundreår etter hundreår, så forstår du kanskje kor viktig ystinga har vore i forhold til avskoginga i stølsområda våre. Eg har sett omtala at stølar vart nedlagde og flytte, fordi det ikkje var att meir brensel.
Det har nok også vorte færre beitedyr i fjella våre, men dei et korkje brisk eller stor skog. Om beitedyra skal halde attgroinga i sjakk, så må beiteområda haldast opne for skog. Attgroinga skyt også fart når klimaet blir betre, men eg meiner den viktigaste faktoren for attgroing er at me har slutta å yste, og følgjeleg treng mindre ved. Dermed har skogen også fått friare spelerom til å reetablere seg i fjella våre.
Med det klimaet me no har, så ser det ut til at naturleg barskoggrense i Valdres ligg ein stad opp mot 1100 meter over havet. På skulen lærde me for nokre tiår sidan at Kvithøvd (1001 meter over havet) var landets høgste barskogkledde topp. Så dersom ikkje menneskeleg aktivitet held skogen nede – lat oss seia nedanfor 1000 meter over havet – så vil naturen sjølv fylle opp med grantre, og etter kvart etablere tjukk skog. Det er inga økologisk katastrofe, men vil det vera ei kulturell?
Og kva gjer me eventuelt med dette? Skal me berre late skogen vekse – og late beite og utsikt forsvinne? Eller bør organiserte og kraftigare tiltak setjast inn for å halde støls- og hytteområda opne?
Dagens politikk på dette området er særs varierande, også her lokalt. I fleire private sameiger blir oppsitjarane oppmuntra til hogging – medan eg høyrer at i enkelte lokale statsallmenningar må ein betala til dømes for å få hogge ved. Med dagens fart på attgroinga, meiner eg dette er heilt feil politikk – folk burde i staden få betalt for å hogge grantre!
Vil Valdres vera eit hytteområde? I Valdres er det fleire hytter enn innbyggjarar, og hyttene vil truleg vera ei viktig næring for Valdres i framtida. Eg har også registrert at fleire lokale kommunar omtalar seg sjølv som «hyttekommunar». Men kva meiner dei eigentleg med det når det gjeld attgroingsproblematikken? Trur dei at folk vil ha hytter plassert i tjukk granskog – med dårleg utsikt? Det vil dei neppe!
Difor meiner eg det både nærings- og trivselsmessig vil vera særs viktig for Valdres i framtida å halde skogen nede – i alle fall i støls- og hytteområda. Dette vil også gjera beiteforholda for dyra betre – det er dårleg grasvekst inne i ein mørk granskog.
Så difor vil eg oppmuntre til ein næringsmessig og kulturell debatt om vegetasjon i fjellområda våre. Dette bør både grunneigarar, bønder, sameiger, kommunane, hyttefolket og statsallmenningane/Statskog meine noko om.
Eg trur det bør lagast planar rundt om i Valdres for å definere kva for område som bør ha høgast prioritet for å bli haldne opne og frie for skog. I desse områda meiner eg hogstmaskiner og krattknusarar bør setjast inn for å halde skog og brisk nede.