Kronikk Dette er ein kronikk, skrive av ein ekstern bidragsytar. Kronikken gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Stortingsrepresentant Trond Helleland (H) har kjempa for Ringeriksbanen sidan 1990 og spør i Hallingdølen kor lenge regjeringa skal halde oss for narr. Men samtidig viser han i Ringerikes Blad til at det er tronge økonomiske tider med energikrise og krig i Ukraina. På spørsmål om når spaden igjen kan stikkast i jorda, svarar han at det ikkje er så lett å seia: – Mykje kjem an på kva Putin gjer, og kor lenge krigen varar.

– Eg hadde håpa på litt tydelegare signal
Men skal vi la Putin stoppe eit viktig samferdselsprosjekt mellom dei to største byane i landet? Ja, det ser jo også ut til at det blir stopp for E16 mellom Hausåker og Lomen stavkyrkje.
Uansett er det mykje meir enn krigen i Ukraina som er årsaka til seindrektigheita rundt transportårene mellom Oslo og Hønefoss. I mange politiske kretsar har det opp gjennom åra vore sterk uvilje mot å satse både på E16 og Ringeriksbanen. For nokre år sidan la Frp-statsråd Ketil Solvik-Olsen fram gigantiske for nytt hovudsamband til Bergen via E134 og Haukeli. Sterke luftfartspolitiske interesser vil dessutan ikkje gjera Bergensbanen konkurransedyktig med fly.
Det var i år 30 år sidan Stortinget vedtok å bygge Lærdalstunnelen, satse på E16 via Filefjell og å bygge Ringeriksbanen. Vi hugsar dette som den store hestehandelen mellom Ap sin legendariske samferdselsminister Kjell Opseth og SV. SV gjekk med på vegprosjektet mot å få ja til bygging av Ringeriksbanen – ei utbygging som vil forkorte reisetida Bergen–Oslo med éin time. Men SV sat att som politisk svarteper. Lærdalstunnelen stod ferdig i 1999. På Ringeriksbanen er det enno ikkje teke eit einaste spadestikk, trass i at regjeringa Solberg i 2015 gav klarsignal til planlegging av fellesprosjektet E16 Skaret–Hønefoss og Ringeriksbanen Sandvika–Hønefoss. Fellesprosjekt mellom veg og bane har generelt vist seg å vera både ressurssparande og kostnadssparande.

E16 Oslo - Bergen, Lærdalstunnelen kan bli stengt i eitt år: – For oss er det ein katastrofe, uansett korleis ein snur og vender på det
Ein stor prosjektorganisasjon vart etablert i 2015/2016. Men i 2020 fann regjeringa Solberg ut at dei ville gjera prosjektet billigare. I 2021 vart det full stopp. Regjeringa gav prosjektet til Nye Veier, noko som gjorde at alt måtte planleggast på nytt.
Det politiske spelet, som etter kvart har fått eit farseaktig drag over seg, vil tydelegvis ingen ende ta. Då regjeringa Støhre la fram statsbudsjettet 6. oktober, vart det bestemt at ein skal stanse vidare planlegging av fellesprosjektet, og at prosjektet på nytt skal delast i to. Nye Veier skal ta seg av E16-utbygginga og Bane NOR Ringeriksbanen.
I budsjettet for 2023 er begge prosjekt oppført med null kroner. Det betyr at Nye Veier sjølv må skaffe midlar til E16 gjennom bompengar og det årlege statstilskotet sitt. Men ifølgje statsbudsjettet vil ikkje Nye Veier prioritere E16 i 2023, og det er heller ikkje løyvd midlar til planlegging av denne strekninga. Ringeriksbanen blir overlaten til Bane NOR sin «portefølje», og då vil lite eller ingen ting skje.
Eit aktuelt spørsmål blir likevel om SV vil mote seg opp i forhandlingane med regjeringa og truge igjennom oppstart. Det er lite truleg.
Ein ting er Ringeriksbanen, men – sett med valdresaugo – alt surret i denne saka forseinkar også utbygginga av E16.
8. oktober 1992 vedtok Stortinget å bygge både ny hovudflyplass på Gardermoen og Gardermobanen. I 1994 starta byggearbeida. Trass i eitt års byggestopp stod den 66 kilometer lange dobbeltspora banen med toppfart på 210 km/t ferdig i august 1999, etter ei byggetid på fem år. Prislapp: 7,7 milliardar kroner. Flyplassen var ferdig året før.
Sett opp mot Gardermoen-prosjekta blir det patetisk å sjå på framdrifta til Fellesprosjektet E16/Ringeriksbanen. Det er 30 år sidan stortingsvedtaket, og etter sju års reguleringsarbeid og prosjektering er spaden ikkje sett i jorda for det som skal bli 40 kilometer med høgfartsbane og 25 kilometer firefelts veg.
Kvifor har det gått slik? Fyrst og fremst har politikarane seg sjølve å takke. Og innimellom har vi kraftlause samferdselsministrar utan evne til å skjera igjennom og få ting gjort. Dessverre er det ikkje kvar dag vi har samferdselsministrar av Kjell Opseths kaliber. Samtidig blir utgreiingane fleire og fleire. Tida går, og med det når også utgiftene nye høgder. Er dette rett forvaltning av offentlege ressursar?
Skal vi så ha veg uansett pris? Svaret er nei. Når nye E16 når fram til Hønefoss, må det vera stopp på firefelten. Hyttefolket i Hallingdal og Valdres treng ikkje meir firefelts veg for å koma seg til og frå hytta. Det er ikkje miljømessig berekraftig.
PS. For den som lurer på det, E16-utbygginga på strekninga Bjørum–Skaret – vegen over Sollihøgda – skal stå ferdig i 2025. 11. oktober var det gjennomslag i den 800 meter lange Bukkesteinshøgdatunnelen, og snart står den 3400 meter lange Sollihøgdatunnelen for tur. I 2025 vil trass i alt 17 kilometer firfelts veg med fartsgrense på ca. 100 km/t stå ferdig mellom Sandvika og Skaret – etter ei etappevis byggetid som samla utgjer 20 år.