Gå til sidens hovedinnhold

Topp førjulsstemning på skarke

01. desember 2019, kl. 17:15

Tida før jul blir kalla skarke i Valdres. Då førebus det til jul med bakst og rundvask. På Valdres Folkemuseum tennast fjøslyktene, kokast kaffi og det blir stelt i stand til god, gamaldags førjulstid. I år var det skarke på museet for 25. år på rad, tradisjon tro fyrste sundag i desember. Folk i alle aldrar møtte opp til aktivitetane av mange slag, og førjulsstemninga var upåklageleg. Ser du nokon du kjenner?