Mange vil ha skattemeldinga på nynorsk

Nynorsk: Nær ein halv million vil ha skattemeldinga på nynorsk.

Nynorsk: Nær ein halv million vil ha skattemeldinga på nynorsk. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

473.000 nordmenn ligg an til å ville levere skattemeldinga på nynorsk. Det er ny rekord.

DEL

- Det er gledeleg mange som vil ha skattemeldinga på nynorsk, og fleire bør det bli før april er omme, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Ber om støtte

Han meiner tala viser at kravet om nynorsk står sterkt i Noreg. Frist for godkjenning av skattemelding er 30. april, og mållagsleiaren bed alle som støttar nynorsken om å gå inn på fana «Opplysningar om personlege forhold o.a.» og velje «Nynorsk» i punkt 1.5.7. - Dette er ein fin og enkel måte å gjere nynorsken synleg på, seier Magne Aasbrenn.

Han trur det kan vere store «mørketal»: - Eg er òg sikker på at mange som elles skriv nynorsk, likevel har skattemeldinga på bokmål «av gammal vane». Dette er det svært lett å rette på.

Mange nynorskbrukarar i storbyane

Mållaget har fått statistikk frå Skattedirektoratet for 2016, og her er det mange gode og til dels oppsiktsvekkande tal. I Oslo var det i 2016 17.255 personar som ville ha nynorsk skattemelding. Det gjer Oslo til den nest største nynorskkommunen i landet etter Bergen, der 27.124 kravde nynorsk skattemelding. Om tredjeplassen knivar Stord og Voss, med høvesvis 11.404 og 10.222 nynorske skattebetalarar.

- Dette viser at det bur titusenvis av nynorskbrukarar i storbyane. Dei bør få møte språket sitt langt meir enn i dag, seier Magne Aasbrenn.

Artikkeltags