For det såg svart ut for skiferproduksjonen og industriarbeidsplassane då meldinga om mogleg avvikling kom i februar. Låg lønsemd og tunge, framtidige investeringar i maskinpark vart trekt fram som årsaker til at eigarane BMI Norge ikkje lenger meinte det var økonomisk forsvarleg å drifte gruva vidare. Med høge straumprisar og drivstoffprisar har også utgiftene auka.

Fredag vart det klart at Isola AS tek over drifta ved skifergruva frå BMI Norge. Dermed er gruvedrifta sikra ut over 2022. Med det blir også gruvedrifta norskeigd att. Hovudkontoret for konsernet ligg i Porsgrunn, ikkje i New York, der hovudkvarteret til BMI Norge sine eigarar, Standard Industries, ligg. Med overtakinga er det også håp om at dei nye eigarane vil sjå langsiktig på industriarbeidsplassar, og på den kvaliteten som skiferfabrikken Øystre Slidre er kjend for.

Skiferuttak har det vore i området sidan 1600-talet. Valdres Skiferbrud vart etablert i 1899, og historisk har gruvene vore ei hjørnesteinsbedrift i kommunen. Sjølv om det, naturleg nok med betre og meir moderne teknologi, ikkje er like mange arbeidsplassar som for hundre år sidan, er det framleis viktig å kunne drive industriarbeidsplassar i distrikta. Det er jo her råvarene finst og kan hentast ut. Billigare råvarer frå andre stader i verda kan finnast, men er kvaliteten god, kan råvarene finne vegen fram til forbrukarane om innsatsfaktorane er høgare i Noreg enn andre stader.

Hovudårsaka som Isola oppgjev for overtakinga, er behovet for å sikre råvareflyt inn til takbeleggproduksjonen på Eidanger. Men eit tilleggsmoment som administrerande direktør Bjørnar Gulliksen legg vekt på, er transport. Eit større søkjelys på klimagassutslepp og berekraft kan dermed gjera at norske industribedrifter blir konkurransedyktige på andre felt om ein ikkje kan konkurrere mot internasjonale råvareprisar.

«Ein tung dag for Valdres» skreiv me her på leiarplass då meldinga om nedleggjing kom i februar. No vart det likevel ein god dag for Valdres. Det blir framleis gruvedrift i Rogne.