Gjekk Øystre Slidre på langs

På tur: 17 elevar frå ØSUS gjekk Øystre Slidre på langs.

På tur: 17 elevar frå ØSUS gjekk Øystre Slidre på langs. Foto:

Av

Onsdag 7. mars la elevane ved Øystre Slidre ungdomsskule i veg på den tradisjonelle Øystre på langs-turen.

DEL

Øystre Slidre: Dette er fjerde året ØSUS gjennomfører denne turen, og det er ein stor meistringsfølelse å klare og fullføre heilt til Skrautvål. I år valte vi å ha tre alternativ til skitur for elevane. Dei som ville kunne gå ein skitur i løypene på Yddin på rundt 6 km, ei anna gruppe starta på Beitostølen og gjekk til Yddin. Dette er rundt 2 mil. Den gruppa som valte den lengste turen, startar på Beitostølen og går heilt til Skrautvål. Dette er ein tur på 5 mil! I år var det 17 elevar som klarte å stake seg gjennom Øystre Slidre-fjella og heilt til Skardåsen og Skrautvål skisenter. I år var vi ikkje like heldige med været som i fjor. Vi hadde eit ganske tett snøvèr, som førte til at dei sprekaste i gjengen måtte gå fremst å brøyte løype. Dette resulterte kanskje i litt støle bein og tung kropp dagen deretter, men ein fin treningsøkt vart det! Vi er heldige som har så positive og villige foreldre i denne kommunen som melder seg frivillige til å hente både lærarar og elevar på ulike stoppeplassar på turen. Dette er vi veldig takksame for. Om vi ikkje hadde hatt foreldre som stilte opp som dei gjer her, hadde det vore vanskeleg å klare å gjennomføre dette opplegget. Vi er også så heldige å ha eit rullande rennkontor ved lærar Solveig Strømmen med oss, som stiller opp på alle matstasjonar med både kald og varm drikke, og har oversikt på telefonnummer og henteplassar. Dei som i år har klart å gjennomføre til Skrautvål tre år på rad, vil få ein evigvarande diplom til minne, og dette er nok ein ekstra motivasjonsboost for mange. I år er det seks stykke som får diplom i 10. klasse. Både elevane og lærarane var godt fornøgde etter turen, og vi ser allereie fram til neste år!

Artikkeltags