I etterdønningane etter stormen for snart to veker sidan ligg hundretusenvis av kubikk skog att på bakken. Kor store verdiar skadane utgjer er det førebels veit me førebels ikkje.

Under halvparten av produktiv norsk skog er ikkje forsikra. Valdres er ikkje noko unntak. For skogeigarar utan forsikring eller med forsikring mot brann og ikkje storm, er det ei potensiell økonomisk katastrofe.

«Vi kan like godt venne oss til mer skogskader», skriv skogeigar og kommentator Hans Bårdsgård i Nationen. Våtare og varmare klima gjev fare for råteskade. Store snømengder aukar faren for at tretoppane knekk. Ekstremtørke, som me fekk erfare i 2018, aukar brannfaren. Får ein ikkje rydda opp og ut tømmeret som vart felt av stormen, risikerer ein borkbilleåtak til våren. Det kan vare i mange år. I tillegg ligg det så mykje knekte tre i vassdrag, at det er fare for flaum til våren.

Skogbrand samanliknar det med at du ikkje får erstatning om huset ditt brenn ned. At forsikringsbransjen ynskjer at folk skal bruke meir pengar på forsikring, er ikkje så vanskeleg å forstå. Skogskadane etter stormen er av dei største nokosinne. Ei skogforsikring vil nødvendigvis heller ikkje dekkje all skade på skogen.

Å forsikre seg er uansett noko ein bør gjera, om det er hus, dyr eller skog. Men er det rett og rimeleg at skogeigarar skal stå åleine med forsikring mot ekstremvêr som fylgje av klimaendringane, etter ein storm som blir omtala som «historisk»?

Det er framleis uavklarte spørsmål. Kostnaden for å ta ut tømmeret i vanskeleg terreng, blir høg. Skogeigarane veit enno ikkje om dei kan bli pålagde å ta ut tømmeret, sjølv om dei risikerer å betale dyrt for det.

Bondevik 2-regjeringa tok skog ut av Naturskadefondet frå 2005, til store protestar frå skognæringa. Å avgrense global oppvarming og dermed også ekstremvêret er eit politisk ansvar. Då må det også vera eit krav at skog blir teke inn att under Naturskadefondet. Skogeigarane kan ikkje stå åleine mot klimaendringane.