Gå til sidens hovedinnhold

Skulestart på grønt nivå: – Skulekvardagen kan bli gjennomført tilnærma normalt

Måndag startar eit nytt skuleår. Det vil vere ein tilnærma normal skulekvardag som møter elevane på Valdres vidaregåande skule.

LEIRA: Måndag opnar dørene for eit nytt skuleår på Valdres vidaregåande skule. Skulestarten vil framleis vere prega av eit visst virus, men ikkje i like stor grad som tidlegare.

Skulestarten er nemleg på eit såkalla grønt nivå etter trafikklysmodellen til Utdanningsdirektoratet.

– I praksis inneber det at skulekvardagen kan bli gjennomført tilnærma normalt, og at elevane ikkje må organiserast i kohortar, skriv Innlandet fylkeskommune på sine heimesider.

Les også

457 personer har fått tilbud om skoleplass på Valdres videregående skule – dette vil de gå

Fleire tiltak

Likevel vil det framleis vere nokre smitteverntiltak på dei vidaregåande skulane i fylket:

  • Ikkje møt på skulen, sjølv med milde symptom.
  • Hald avstand der det er mogleg, og unngå fysisk kontakt.
  • Ha god handhygiene.

– Skulen er på grønt smittevernnivå, men vi oppfordrar til å halde avstand og ha god hand- og hostehygiene, skriv skulen på sine heimesider.

– Er du sjuk skal du halde deg heime. Og du må seie frå til skulen dersom du ikkje møter fyrste skuledag, elles står du i fare for å miste skuleplassen din, skriv dei vidare.

Les også

Elevtallene fortsetter å synke: – Dette er jo en trend som er vanskelig å snu

Kan sleppe karantene

For elevar på vidaregåande skule, kan testing erstatte smittekarantene.

Dersom ein person får påvist korona, kan elevar som er nærkontaktar teste seg, i staden for å gå i karantene.

– Dette gjeld ikkje personar som den smitta bur saman med eller andre vaksne nærkontaktar. Dei må framleis gå i karantene, skriv fylkeskommunen.

Det er lokale helsemyndigheiter som har ansvaret for å organisere testinga og bestemme korleis det skal gjennomførast.

Les også

Barn og unge kan slippe smittekarantene om de testes

Kommentarer til denne saken