RYFOSS: – Det starta med eit stort ynskje om å hjelpe Sara med kaféen. Det er ein utruleg flott møteplass for heile bygda vår, og det hadde vore veldig stussleg om den skulle forsvinne, seier Nils Grøv.

Han og eit knippe andre engasjerte eldsjeler i lokalsamfunnet har tromma saman ei arbeidsgruppe, som no ynskjer å hjelpe Sara på veg mot draumen om ny kafé.

Den 4. juni arrangerast det difor loppemarknad i lokala til den tidlegare Joker-butikken, der all inntekt i sin heilskap går til Sara og kaféen.

– Me vil så gjerne at Sara skal lykkast her i Ryfoss og at ho skal få moglegheita til å få ein større og betre kafé. Med loppemarknaden håper me å kunne hjelpe til på vegen mot denne draumen, seier Inger Hovengen.

Viktig for lokalsamfunnet

Då Sara starta opp i 2014, hadde ho nok aldri sett for seg at responsen skulle bli slik. Frå å fyrst selje mat gjennom døra, til å etablere seg og faktisk kunne opne dørene inn til kaféen.

Heile lokalsamfunnet har slått ring om den vesle, men særdeles trivelege møteplassen i sentrum. Ein bataljon av stamkundar og ein ivrig heiagjeng. Ja – til og med dronning Sonja er vorte fast kunde hjå Sara.

– Det er klart at Sara og kaféen hennar er viktig for lokalsamfunnet. Å ha ein kafé i Ryfoss gjer jo sentrum meir livleg. Samstundes gjev det og ringverknad til alle andre bedrifter her i Ryfoss. Me hjelper jo kvarandre her, smiler Iren Vengel Remmen, driv av Mormor's skattar.

– Sara har ein utruleg stor stå-på-vilje og har arbeida hardt for å få til det ho har i dag. Ho er ein stor og viktig del av lokalsamfunnet, smiler Margrete Fagerheim, driv av Ryfoss Treningssenter.

Kafédrivaren sjølv, Sara Siwar, er over seg av takknemlegheit og er rørt over kva venene og lokalsamfunnet får til.

– Eg er utruleg takknemleg og glad for det dei får til og gjer for meg. Dei får meg til å føle meg verdsett, og eg kjenner på at eg ikkje er åleine, smiler Siwar.

– At dei har ordna i stand dette for meg, gjer meg nesten mållaus. Det er ein utruleg fin gjeng, og eg sett så pris på dette og alle kundane mine, legg ho til.

Tek imot lopper til marknaden

I tida fram til loppemarknaden den 4. juni skal det samlast inn lopper av forskjellige slag. Desse kan anten leverast inn til Sara's kafé i opningstida, eller du kan kontakte Iren eller Inger.

– Dette må jo vera ein perfekt anledning til å rydde på loftet! Me tek imot mykje forskjellig, så her er det berre å rydde skuffer og skap, og levere inn, ler Hovengen.

Ho fortel at dei tek i mot det aller meste, blant anna pyntegjenstandar, leiker, service, mindre møbel og mykje meir.

– Dessverre kan me ikkje ta imot klede, sko, bøker, elektriske artiklar og større møbel. Me håper og at det som blir levert er i god stand og reingjort før levering, smiler Vengel Remmen.

Hittil har det vore god gjevarglede blant lokalbefolkninga, men endå er det plass til fleire lopper. Desse kan leverast heilt fram til dagen før loppemarknaden.

– Me har møtt mykje positivitet, både i form av lopper til marknaden, men og mykje flotte tilbakemeldingar på arrangementet, seier Hovengen.

– No gler me oss til loppemarknaden og håper det blir ein fest av ein dag, smiler Grøv.