Slik kan eit parkeringshus på Beitostølen bli sjåande ut

Det er foreslege endringar i reguleringsplanen for Beitostølen Sentrum del 1, for å finne trafikksikre løysingar for køyrande, mjuke trafikantar og parkering, handtere overvatn og få eit meir estetisk og tiltalande sentrum. No har Areal Pluss på vegner av Beitostølen Invest AS kome med desse teikningane av eit mogleg parkeringshus.