Vang: Klima i endring - kva gjer vi med det? var tittel for arrangementet, som var i regi av frivilligsentralen, Vinjerock og Gjensidige Valdres.
Kommuner må nå dei same måla
Hamar-ordførar Einar Busterud ga oss eit innblikk i miljøsatsinga deira - og slo eit slag for mogelegheitene i Vang og Valdres. Til tross for "betydelige avstandsulemper lokalt" viste han korleis små kommuner kan få til konkrete tiltak, og legge grunnlag for endring gjennom å inspirere andre. Han la vekt på at om Norge skal lykkast med å nå Parisavtalen, så må alle kommunane også nå dei same måla. Jenny Skagestad frå miljøstiftelsen ZERO kunne fortelle at dei største utsleppa i Vang er frå transport og landbruk, og at gjennomsnittsutsleppet per innbyggar er på 16,2 tonn CO2. Til samanlikning er talet 4,3 i Hamar.
Ho viste til fleire gode eksempel på korleis dei gode tiltaka ofte startar i det små og sprer seg derifrå.
Bente Sverdrup, bærekraftdirektør i Gjensidige Forsikring viste korleis skadeutbetalingar på grunn av ekstremvær har økt betrakteleg dei siste åra, og korleis dei jobbar med førebygging for å få ned kostnadene.
Politikardebatt
Etter pause var det politikardebatt. Erik Martinsen (AP) stilte på kort varsel som vara for Vidar Eltun, som var forhindra frå å møte. Martinsen diskuterte korleis kommunen kan bidra til eit betre klima saman med Torstein Lerhol (SP), Erlend Eggen (MDG) og Leif Solemsli (bygdelista).
Gro Lundby leia panelsamtala med stø hand, og kom inn på spørsmål om både berekraftig reiseliv, omstilling i landbruket, vegtransport og el-satsing.
Kommentarer til denne saken