Gå til sidens hovedinnhold

Smittetala stig framleis – tre nye smittetilfelle torsdag ettermiddag

Torsdag ettermiddag har ytterlegare to elevar og ein tilsett fått påvist koronaviruset i Øystre Slidre.

ØYSTRE SLIDRE: Etter det kommunen har oversikt over er det no til saman ti elevar og to tilsette som truleg er smitta av korona ved skulane i Øystre Slidre.

Det skriv Øystre Slidre kommune på sine heimesider torsdag ettermiddag.

Alle skulane er råka

Smitteutbrotet vart oppdaga måndag ettermiddag denne veka, og alle skulane i kommunen er omfatta av utbrotet:

Rogne skule (2. og 6. trinn), Lidar skule (6. trinn) og Øystre Slidre ungdomsskule (8. og 9. trinn).

– Elevane på berørte klassetrinn skal ikkje møte på skulen resten av veka, skriv kommunen på sine heimesider.

Gult nivå

For alle andre er det vanleg skule. Frå onsdag denne veka vart det innført fleire tiltak tilpassa gult nivå etter trafikklysmodellen ved barneskulane. Det er også innført smittereduserande tiltak ved ungdomsskulen.

Kommunen minner om at alle som har symptom på covid-19 må halde seg heime og teste seg.

Kommentarer til denne saken