Snart 90 testa i øvre Valdres: Manglar nokre svar, men framleis ingen smitta

Til saman er 89 personar testa for koronavirus i Vang, Øystre Slidre og Vestre Slidre. Fem svar er ikkje klare enno, men ingen har så langt fått påvist smitte.

DEL

VANG: I veka som gjekk vart det testa cirka 15 personar dagleg i øvre Valdres.

– Vi manglar to prøvesvar, men hittil er det berre negative prøver, opplyser kommuneoverlege i Vang, Marit Tuv.

Tre denne veka

Så langt denne veka er berre tre personar testa i kommunane Vang, Vestre Slidre og Øystre Slidre.

– Vi kjem til å gå over til testing måndag, onsdag og fredag om pågangen held seg som no, opplyser kommuneoverlege Tuv.

Artikkeltags