RYFOSS: – Me er opptekne av at alt ikkje må kjøpast nytt, men ser verdien i det som er heimelaga. Me legg mykje tid og kjærleik i alt me produserer, og elskar nye utfordringar, fortel karane bak Snikkerbugutadn.
Odd Ivar er utdanna snikkar, medan Bjørn-Roger for det meste er sjølvlært.
Kan bli bedrift
Det byrja med eigenproduserte og plassbygde ting til eigen heim, men etter gode tilbakemeldingar og fleire førespurnadar bestemte dei seg for å tilby tenestene til andre.
– Saman er me eit godt team som løyser det meste. Akkurat no driv me å plassbygger ei trapp med mykje oppbevaring under. Det er eit utfordrande og spanande prosjekt.
Av andre ting karane har laga dei siste par åra er utebord, benk, gråtass-seng, prinsesse-seng, ølkasse, TV-benk, veggklokke, kleshengar for bunad og blomsterkasse.
– Foreløpig er dette ein artig hobby, men om interessa er stor er det mogleg det utviklar seg til ei bedrift. Vi får sjå det litt an, det verkar i alle fall til å vera potensial i marknaden, fortel karane.