Gå til sidens hovedinnhold

Snøscooter i Vang: Er det rett at regelverket skal vera likt i alle kommunar?

Ser at han som kan kalle seg direktør for Vang kommune vil ha ekstra strenge reglar for bruk av snøscooter i Vang. Han nevner særleg stølseigarar og grunneigarar.

Meninger Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.

Direktøren bør no stikke fingeren i snøen og halde han der så lenge at han kanskje skjønar at hans jobb er å arbeide for folk i Vang, ikkje mot dei.

Og er det rett at regelverket skal vera likt i alle kommunar?

Les også

Kommunedirektøren i Vang ønsker ikke å åpne for mer privat snøscooter-kjøring til hytter, strammer heller inn overfor fastboende

Nesten alt areal i Vang er privateigd, og nesten alle vegar som ikkje blir vinterbrøyta er private og går over privat grunn. Men her er det tydeleg at grunneigar i allefall ikkje skal ha rett til å bruke sin eigen eigedom når det ligg snø på den. Sjølvsagt kunne alle vegeigarar bruke tusenvis av liter diesel og hundrevis av timar til å brøyte vegane heile vinteren gjennom, og då kunne alle køyre der med alle slags køyretøy, så ofte dei vil. Ikkje snøscooter då, for det er forbudt på brøyta veg. Dei fleste skjønar at denne brøytinga er lite fornuftig på dei fleste av stølsvegane i Vang. Men då skal det altså gjerast vanskelegast mogeleg for støls/hytteeigarar å bruke sine eigedommar vinterstid. Det er heilt greit at vegar blir brøyta og at folk kjem seg lettvint til fjells. Men det er ikkje greit at folk som køyrer på ubrøyta veg, sjølv om dei faktisk er eigar av vegen, blir gjort til lovbrytarar av dei som sit med makta.

Her går våre skattepengar til å lønne byråkratar og også politikarar, frå kommunenivå og opp til departement og Storting. Desse let seg ofte påvirke og diktere av interesseorganisasjonar som f.eks. DNT.

Mange av interesseorganisasjonane har som si hovudinteresse/formål å bruke annan manns eigedom for alt det er verdt. Helst vil dei også bestemme kva grunneigarane sjølve skal få lov til. Faktisk gjekk det så langt for ein del år sida, at bønder heldt på å måtte søkja om å få hente rundballar på markene sine vinterstid. Det låg snø der og då ville dei som bestemmer at innmarka skulle definerast som utmark.

No trur eg grunneigarar/vegeigarar må ta tilbake makta over eigne eigedommar. Kanskje må dei stenge vegane sine sommarstid. Då må dei som vil bruke vegen søkje om å få køyre der. Og så kan vegstyret/grunneigarane gje løyve eller aller helst avslå søknaden. Kanskje drastisk, men liten forskjel frå det halvåret når snøen ligg på vegen og andre bestemmer og overkøyrer grunneigarane.

Reknar no med at kommunedirektør, kommuneansette og fleirtalet i kommunestyret går inn for å utarbeide reglar for bruk av ubrøyta vegar slik at folk i Vang kan koma seg til fjells og bruke eigedomane sine uten å bli gjort til «forbrytarar» p.g.a. håplause og urimelige lover og reglar.

Og det er faktisk både lov og nødvendig å utfordre oppover i systemet, og ikkje kaste seg på ryggen som ein underdanig hund med ein gong Fylkesmann / statsforvaltaren eller andre i «øvrigheita» seier voff.

Kommentarer til denne saken