Søkjer om støtte frå Øystre Slidre kommune til å halde fram med Tyskerstigen

Tyskarstigens venner søkjer om tilskot på 400.000 kroner av Øystre Slidre kommune for å halde fram med bygging av stigen som vart sett i gang i fjor. Men, korkje i 2019 eller i 2020 er det søkt om byggjeløyve. – Vi hadde munnleg godkjenning av rådmannen og saksbehandlar, seier styreleiar Tor Erik Grønolen til avisa Valdres.