Solbrekken skriv «Slik ble namsretten ført bak lyset av finansinstitusjonene» og «Begge finansinstitusjoner var med andre ord villige til å bistå Quislings illegitime regime i rettsstridige handlinger ved å frata Haneborg hans eigedom».

Les også

Ranet av major Halvdan Haneborg Hansen – samt historien om to menn i Røn

Saka handlar om at den norske majoren Halfdan Haneborg Hansen fekk inndratt verdiar av okkupasjonsmakta. Haneborg Hansen var leiar for dei norske styrkane i kampane langs Randsfjorden, i Ådalen og i Bagn i 1940. Etter kapitulasjonen involverte han seg raskt i illegalt motstandsarbeid og var leiar for austlandsavdelinga av Milorg. Han var då mellom anna i Vestre Slidre og diskuterte med lensmann Melby korleis dei skulle gøyme bort norske våpen, noko Melby ordna. Haneborg Hansen vart avslørt i samband med Nittedal-aksjonen og arrestert 21. oktober 1941, før han ved hjelp av Milorg etter kvart flykta til London i januar 1942.

Okkupasjonsmyndigheitene vedtok forordninga «Inndragning fra Personer med «fiendtlig sinnelag» som befant seg i utlandet» 15. november 1941. Slik inndraging ramma Haneborg Hansen og det er også den moglege koplinga mellom Haneborg Hansen og Vestre Slidre.

Solbrekken både spør om og fastslår at Vestre Slidre sparebank var involvert i inndraging av garden Solstein i Røn frå major Haneborg Hansen. Paradokset er at all korrespondanse som Solbrekken viser til mellom Vestre Slidre sparebank, namsretten og Lånekassen for jordbrukere skjedde eit halvt år før Haneborg Hansen var mistenkt for noko som helst. Solbrekken dreg altså slutningar det ikkje er grunnlag for.

Les også

I staden for å rive ned ettermælet hans har eg tenkt at det ikkje er nokon annan vestreslidring som i så stor grad hadde fortent ein bauta

Vi må ta ein forenkla gjennomgang av gardshistoria til Solstein 78/1 i Røn. Garden gjekk på tvangsauksjon i 1939 fordi den tidlegare eigaren hadde misleghalde ein obligasjon (eit lån) på 5000,– til Vestre Slidre sparebank. Banken kravde tvangsauksjon og ein av dei andre långjevarane til garden, Lånekassen for jordbrukere, fekk tilslaget i oktober 1939. Den statlege institusjonen Lånekassen for jordbrukere hadde truleg pant etter Vestre Slidre sparebank i garden og redda verdiane sine ved å kjøpe han. Bodet vart godkjend av Valdres namsrett 23/12–1939. Normalt ville ein tvangsauksjon løyse ut obligasjonen Vestre Slidre sparebank hadde i garden. Den formelle slettinga av obligasjonen tok tid, kanskje på grunn av krigssituasjonen.

Ein gong, iflg Solbrekken våren 1940, kjøpte Halfdan Haneborg Hansen halve Solstein av Lånekassen for jordbrukere. Når Lånekassen i februar 1941 i brev til namsrett bad om å få tinglyst skjøtet på heile Solstein 78/1 på seg, handla det om at Lånekassen måtte stå tinglyst som heimelsmenn (eigarar) på garden dei hadde kjøpt, før dei kunne få delt Solstein (skylddeling – ei offentleg eigedomsdeling) og tinglyst halve garden over til Haneborg Hansen.

Vestre Slidre sparebank si rolle i dette var truleg at dei som panthavar måtte godkjenne heimelsoverføring til Lånekassen til jordbrukere, noko dei gjorde i brev av 8. mars 1941. Auksjonsskjøtet som vart laga til Lånekassen i 1941 var altså ein direkte oppfølgjar av tvangsauksjonen i slutten av 1939. Det var ein heilt vanleg prosedyre og ingen straffereaksjon frå NS-regimet, slik Solbrekken påstår.

Les også

Han slapp straff på grunnlag av gode gjerninger, men landssviker det var han

Men kvifor koplar Solbrekken dette gardssalet med konfiskeringa av eigedommen til major Haneborg Hansen? Ja, det er eit mysterium, for tidslina stemmer ikkje. Vestre Slidre sparebank si involvering skjer før Haneborg-Hansen vart mistenkt, lenge før han vart arrestert og lenge før okkupasjonsmyndigheitene hadde innført lover som tilsa at konfiskering var eit verkemiddel.

Samtidig innvilga Vestre Slidre herad 10. mars 1941 konsesjon på Solstein til Haneborg Hansen. Det er ingenting her som tyder på straffereaksjon frå tyskarane eller NS-regimet. Eg høyrer Solbrekken i ein podkast hjå Oppland Arbeiderblad seie at det «sikkert» var slik at finansinstitusjonane fekk instruks frå NS. Med andre ord er dette rein spekulasjon.

Sjølv kommenterer Halfdan Haneborg Hansen situasjonen slik i 1946: «Jeg hadde kjøpt en liten gård i V. Slidre – «Solsten» – og var utsatt for inndragning av løsøre og eiendom, efter at jeg 9/1–42 måtte flykte fra landet». Han fortel altså også sjølv at at inndraginga skjedde etter at han flykta ut av landet.

Til slutt spør Solbrekken om bankstyret var infiltrert av nazistar under krigen og ber banken koma med namn på dei som sat i styret. Denne informasjonen er lett tilgjengeleg i jubileumsboka for banken. Men nei, bankstyret var ikkje infiltrert av nazistar, det var gode jøssingar som sat i styret for banken, vitnar tidlegare ordførar Samson Bakken i rettssaka mot lensmann Olav Melby. I alle fall eitt av styremedlemmene er ein eg kjenner att som motstandsmann.

Etter krigen var over kom Haneborg Hansen attende frå London. Han var då oberstløytnant og hadde vore militærattaché i London. Han og Lånekassen for jordbrukere starta ganske snart ein prosess for å gjennomføre skylddeling av 78/1 og Haneborg Hansen fekk skild ut garden 78/7 alt i januar 1946 og vidare bustadtomta 78/8 i januar 1947 frå 78/7. Det ligg mange tinglysingar i panteboka frå denne tida som inkluderer sletting og overføring av eit par pant både på 78/1 og 78/7. Lånekassen for jordbrukere tinglyste då heimelen over på Haneborg Hansen, som ganske fort selde 78/7 vidare. Fyrst i mai 1948 vart overdraging frå Lånekassen for jordbrukere til Haneborg Hansen endeleg tinglyst.

Konklusjon: Gardsoverdraginga som skjedde i 1941 var del av ein heilt vanleg prosedyre rundt tvangsauksjonar og skjedde i tillegg før Haneborg Hansen vart arrestert og flykta frå landet. Vestre Slidre sparebank var ikkje infiltrert av nazistar, dei førte ikkje namsretten bak lyset og dei stod heller ikkje i ledetog eller lèt seg bruke av NS-regimet i illegitime rettslege handlingar. Prosessen med kjøp av halve Solsten vart fullført etter krigen, Haneborg Hansen fekk garden overført til seg og selde han like etter. Noko lausøyre kan likevel ha gått tapt etter flukta til London, noko Haneborg Hansen sjølv nemner i vitnemålet for lensmann Olav Melby.

Utanom utsegn frå Haneborg Hansen og frå tidlegare ordførar Bakken, som er frå rettssaka mot Olav Melby, er denne informasjonen henta frå opne kjelder i offentlege digitale arkiv – pantebøkene og nasjonalbiblioteket.no.