Solveig Skattebo (19) får Pierre De Coubertins heiderspris 2020

Pierre de Coubertin sin heiderspris blir delt ut kvart år til ein avgangselev på Valdres vidaregåande skule. Prisvinnaren i år er Solveig Skattebo. Prisen er kalla opp etter Pierre de Coubertin. Han var ein fransk pedagog og historikar, men er mest kjent som grunnleggjaren av Den internasjonale olympiske komité og dei moderne olympiske leikar.