Gå til sidens hovedinnhold

Sommarfritidsklubb i Vang tilbyr aktivitetar for barn i tre veker

Vang frivilligsentral tilbyr aktivitetar for barn i tre veker i sommar.

VANG: – Også i år blir det Sommarfritidsklubb i Vang, alle kvardagar dei tre første vekene etter skuleslutt, skriv leiar i Vang frivilligsentral, Marte Tangen, i ei pressemelding.

Klubben er for ungar født i 2013 eller tidlegare. Klubbleiar er Julie Holmvik.

– Oppmøtet er ved Vang folkebibliotek, vi kjem til å vere både inne og ute.

Samarbeid med Vang læringssenter

Den fyrste veka er eit samarbeid med Vang læringssenter, og her kan også foreldre bli med, fortel Tangen. Då blir det fokus på friluftsliv og uteleik for heile familien. Dei andre to vekene er tema Kunst og handverk, og Musikk og drama.

– Også i år treng vi påmelding, innan 14. juni, seier Tangen.

Ho fortel at påmeldingsskjema ligg på Vang frivilligsentral sine nettsider. Det er mogleg å melde seg på ein eller fleire veker, men det er avgrensa plassar.

Les også

Arrangerer Stølsveko for niande gong

Les også

Er du mellom sju og 14 år og har lyst til å delta på sommercamp – helt gratis?

Kommentarer til denne saken