Gå til sidens hovedinnhold

I år fråtsar dyra i fint gras-vi er velsigna med væte

07. juni 2019, kl. 09:19

I følge dei som held litt auge med vær og vind,-kom det siste regnet den 12 mai i 2018. Så sette varmen inn,og som vi veit vart det ein varm og turr sommar. Mange spådde at vi skulle få det likeeins i år. I april kom det berre 8 mm nedbør i Røn, mens mai gav 150 mm. Her i Valdres har vi mykje brattlendt. Jorda er god inniblandt,men når turken kjem, blir det svidd. I år har vi vore velsigna med væte,og no er det reine "Gosen" i dei bratte bakkane. Aldri er gamalt kulturlandskap finare enn no. Der det ligg eit jordlag oppå bergrabbane blomstrar og veks det. Dyr som har kome på beite fråtsar i fint gras. På berget der det i fjor var brent er det no tepper av stemorsblomst og liljekonvall. Ja det er berre å sjå.