VANG: – Me er frykteleg spente på årets sesong. No har det vore litt stille tider både etter koronapandemien og den store vasskaden i fjor, så no er det verkeleg artig å få opne dørene igjen, smiler Eirik Høyme Rogn, dagleg leiar ved Sommerhotellet.
Fredag 17. juni går startskotet for ein spennande sommarsesong på Sommerhotellet. Etter ein lengre periode med stengte dører, er det gledeleg å endeleg få sleppe både turistar, hyttefolk og bygdefolk inn på hotellet igjen.
– Eg må seie me har sett saman eit eventyrleg bra team denne sesongen, me har med oss utruleg dyktige og flinke folk, så alt er duka for ein fantastisk sommar, seier Høyme Rogn.

Her er Eirik ny daglig leder
Den gode matoppleving
Dette året er det eit ekstra stort fokus på dei gode, lokale råvarene og det å skape fantastiske matopplevingar.
– Det blir utruleg stas å få jobbe med mat på denne måten. Me har fått med oss to dyktige kokker som har fått i oppgåve å leike seg med dei råvarene me har rundt oss her i Vang, seier Høyme Rogn.
Dette huset kan bli kommunen sitt
Og det med god grunn. Innanfor ein radius på 150 meter finn ein fleire av dei lokale råvarene som skal bli med inn på kjøkkenet denne sesongen. Det får ein nesten kalle ekstremt kortreist mat.
– Me kan kanskje ikkje belage oss på å få tak i absolutt alt her i Vang, men hovudvekta av det som skal serverast, kjem herifrå. Heldigvis har me gode naboar både i det eine og det andre dalføret som kan hjelpe oss med det me skulle mangle av varer, smiler han.
Unik måte å jobbe på
Kjøkkensjef Tone Marie Log har vore tilsette hjå Sommerhotellet fleire sesongar, og ser verkeleg fram til å kunne leike seg på kjøkkenet og finne ingrediensar rett i nærleiken.
– Det er ein veldig unik måte å arbeide på som kokk. Stort sett veit ein alltid kva ein skal lage og har menyen klar, mens her blir det nok råvarer og sesong som bestemmer kva som blir på tallerken, smiler Log.
Tone Marie (25) har dessertkokkutdannelse fra Frankrike og har jobba ved Michelinrestaurant, men valgte å starte for seg sjøl i Valdres: – Et sted det er veldig tiltrekkende å flytte til
Ho fortel at ho er spent på korleis responsen frå gjestane er og at ho håpar folk tek turen for maten sin skuld også.
– Det er jo eit stort ynskje at folk skal kunne komme hit og nyte maten dei får servert, i flotte omgjevnader. Tanken er jo at matopplevinga skal vere så god, at dei berre må komme tilbake, ler kjøkkensjefen.
– Eg gler meg veldig og ser på dette som ein spennande utfordring, legg ho til.

Sommerhotellet i Vang sommerstengt
Ope heile sommaren
Etter to år med både pandemi og ein særdeles kjedeleg vasskade, er det no ein stor glede for personalet å få halde hotellet ope heile sesongen.
– Det blir sjølvsagt veldig fint med ein vanleg sesong, det gler me oss veldig til, seier den daglege leiaren.
Han fortel at den typiske gjesten hjå Sommerhotellet ofte er folk som ynskjer å gå turar i fjellet, og gjerne blir verande over litt tid.

Jordvernomsyn vann fram
– Likevel er det viktig å seie at det er veldig kjekt om både lokalbefolkning og hyttefolket tek turen om dei ynskjer det. Så langt det er plass, ynskjer me gjerne fleire til middag på kvelden, seier Høyme Rogn.
Og om ikkje middag eller After-tur skulle lokke nok, er det no store planar om å byggje om det gamle pumpehuset til ein aldri så liten badstue.

Dette mener Knut (37) og Hallgrim (36) er som et vellykket ekteskap, noe de har testet og fått bekreftet i over ti år
– Vang er jo blitt badstuebygda, då må me sjølvsagt ha eigen badstue. Denne ideen vart planta i fjor, då det vart arrangert badstuefestival her, og no er planen at denne skal opp før sesongen startar, ler han.
– Me har ein spennande sesong i vente. Heile teamet gler seg til å ta imot gjester på Sommerhotellet, smiler Høyme Rogn.