VANG: Dette blir ein songkveld med tekstar av Aasmund Olavsson Vinje. I fjor var det 200 år sidan han vart fødd, og Vang mållag held fram markeringa av dette ved å synge mange av dei folkekjære songane hans. Margunn Søyland Nesbakken kåserer om songane og om forfattaren. Oddbjørn Skeie spelar til. Kari Hagaseth og Anne Lajord Belsheim bidreg med lokale songar. Og så blir det ein kviss om Vinje og kanskje nokre vrange vangsord.

Telemarkingen Vinje høyrer liksom også Vang til. Ved Eidsbugarden står hytta han bygde i 1868. Han vart med det den fyrste hyttebyggaren i Noreg. Hundre år etter vart granitthovudet som bilethoggaren Ståle Kyllingstad laga, sett opp ved bryggja der «Bitihorn» legg inntil. Her står han og stirer mot Falketind, den evige heimen hans. På dødsleiet i 1870 drøymer han seg til Eidsbugarden og fjella ikring. "Men naar eg no er lagd i kista, so vil mi aand slaa upp sin heim deruppe milliom fjelli. Og so vil eg sitja der paa Falketind og sjaa ut yver Noreg, og Fjellradirne skal stiga fram..".

Sidan 2006 har han også kunna sjå og høyre livet på festivalen som ber namnet hans – Vinjerock.

– Og komande onsdagskveld er han kanskje med oss på Vang folkebibliotek! Så kom og bli meir kjent med vår Vinje, og bli med og syng «Blåmann, blåmann», «Den dag kjem aldri at eg deg gløymer», «No ser eg atter slike fjell og dalar» og alle dei andre, avsluttar Nils Rogn.